grei etappe: Hilde Fenne klarte seg godt på standplass i VM-stafetten, men Noreg var langt unna medaljekampen. ARKIVFOTO: LAILA BORGE.

11. plass til Hilde og stafettjentene

Publisert 17.02.2017 kl. 16.28. Oppdatert kl. 16.38.

SKISKYTING: Hilde Fenne gjekk andre etappe på VM-stafetten i Hochfilzen fredag. Men Noreg hadde ingen medaljesjansar.

Ho gjekk ut på 18. plass, 1.23.4 bak leiande Frankrike. Vossingen leverte ei god liggjande skyting der ho skaut raskt ned alle blinkane. Det snøa tett under stafetten, og Hilde Fenne fekk ikkje heilt opp farten i sporet. - Eg prøvde å gå fortare, men fekk det ikkje til, sa ho til NRK like etter målpassering. På ståande måtte ho ha to ekstraskot for å unngå strafferunde.

Noreg hamna til slutt på ein skuffande 11. plass, over to og eit halvt minutt bak vinnarlaget Tyskland.