annonse

Skiskyttarbygda treng fleire utøvarar

REKRUTTERING
REKRUTTERING: Voss SSL satsar på å auka rekrutteringa. No håpar dei på god deltaking på skiskyttarskule. Her er Eivind Alsos (8) under ein aktivitetsdag nyleg. Han får hjelp av sportsleg leiar Jan Erik Græe og leiar Tommy Vik. (Foto: Ørjan Brattetveit)

Voss SSL håpar på stor deltaking på skiskyttarskule i haust.

Ørjan Brattetveit

– Me har gode trenarar, landets beste arena og god økonomi til å hjelpa utøvarane. Men me har for få aktive, seier Tommy A. Vik. 36-åringen frå Stamnes er leiar i Voss skiskyttarlag.

– Me har 40–50 aktive skiskyttarar i laget. Me skulle gjerne hatt mange fleire, seier Vik.

Skiskyttarskulen går av stabelen fredag 22. og laurdag 23. september.

– I utgangspunktet er skulen open for 9-åringar og oppover, men me opnar opp også for nokre litt yngre, seier Vik.

Gull i fleng

Vossabygda har fått fram mange store skiskyttarnamn. Jon Istad, Odd Lirhus, Eirik Kvalfoss, Anne Elvebakk, Gisle Fenne, Gro Marit Istad Kristiansen, Sverre Istad, Egil Gjelland, Jori Mørkve og Hilde Fenne har alle teke medalje i VM eller OL.

– Det er heilt utruleg så flinke utøvarar frå Voss blir. Men det er ikkje på grunn av at me har mange utøvarar, seier leiaren i Voss skiskyttarlag.

Våpentryggleik

Under skiskyttarskulen skal både utøvarane og foreldra få opplæring i m.a. våpentryggleik.

– Det er viktig at ein lærer å handtera våpen på ein trygg måte. Og hjå oss legg me til rette for at alt skal føregå i trygge rammer.

Våpen frå Ole Einar Bjørndalen

Skiskyttarskulen vert leia av Jan Erik Græe, Bente Himle og Stian Lyngsgård.

– Til no har me berre rundt fem påmelde, men me håpar på at me vert 10–15 stykk. Etter skiskyttarskulen fredagen og laurdag, skal me planleggja korleis me skal fylgja opp dei nye utøvarane og foreldra vidare.

Nyleg fekk Voss Skiskyttarlag tre våpen frå Ole Einar Bjørndalen sitt fond. For å få denne gåva, var det eit krav til at mottakarane må halda skiskyttarskule – noko Voss SSL gjer kvart år.

– Gåva har ein verdi på 90.000 kroner, og det er våpen av same typen som Ole Einar Bjørndalen sjølv brukar. Dei tre me har fått, skal våre unge utøvarar få bruka, seier Tommy Vik.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.