annonse

Sløste bort tre poeng

KJEMPESJANSE
KJEMPESJANSE: Joakim B. Lirhus dommar på ein stor sjanse tidleg i 2. omgang. (Foto: Ørjan Brattetveit)

Fbk Voss står med null poeng etter to kampar. I dag vart Søfteland for sterke.

Ørjan Brattetveit

– Det er seks poeng for lite, seier assistenttrenar Knut Lydvo etter 0–2 heime mot Søfteland på Olabanen.

– Det som uroar meg mest er korleis me opnar kampen. 1. omgang er for dårleg, seier trenar Arne Førde.

Voss dominerte banespelet og hadde dei fleste sjansane. Men vossingane fekk ikkje utteljing.

I 1. omgang skåra Håkon Hunnes Hansen på Søfteland sin fyrste sjanse, 23 minutt ut i oppgjeret. Voss sin største sjanse kom etter eit godt raid av Martin Bidne, men han sette ballen like utanfor rett før pause.

I 2. omgang opna Voss sterkt. Og Joakim Belsnes Lirhus misbrukte ein kjempesjanse etter få minutt. Han skaut for svak frå få meters hald, og keeper redda.

Søfteland spela 25 minutt før dei fekk ein sjanse etter sidebyte. Og tre minutt seinare auka Håkon Hunnes Hansen bortelaget si leiing.

Thor Olav Fenne (16) kom inn i løpet av 2. omgang og debutert på A-laget. Han var ein av dei beste spelarane i 2. omgang.

Bortelagets trenar, Raymond Pedersen var godt nøgd med tre poeng.

–Me la oss lågt, og let Voss ha ballen. Me held oss til planen og skåra på sjansane me fekk, seier Pedersen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.