annonse

Sterk siger for Sindre i Finland

MIDTPUNKT
MIDTPUNKT: Sindre Ure Søtvik vann i Ruka sundag. Her i midten saman med Thomaz Druml og Martin Fritz, begge frå Austerrike. (Foto: OLE MARTIN STORLIEN)

Sindre Ure Søtvik vann kontinentalcupen i Finland, er snart klar for verdscupen, og luktar på den siste VM-plassen.

Ørjan Brattetveit

- Dette var skikkeleg moro, seier kombinertløparen frå Eldar. Sundag gjekk han inn til sin andre siger i kontientalcupen i karrieren. Dagen før hadde han gått inn til 4. plass. Strendingen har levert mange gode renn denne sesongen, og han er klar for å ta steget opp til verdscupen.

- Eg held verdscupnivå no, seier han.

Drama og disk

Sundag var det mykje dramatikk for Ure Søtvik i finske Ruka. Vind gjorde at hoppinga fyrst vart utsett to gonger, så avlyst. Løparane gjekk då ut i langrennet basert på pre-hoppinga frå fredagen.

- Eg låg på 2. plass, og gjekk ut 32 sekund bak den japanske leiaren Hisaki Nagamine, fortel Ure Søtvik. Strendingen opna hardt, og etter ein runde hadde han gått inn på leiaren.

- Løypene i Ruka er nok dei tøffaste løypene internasjonalt i kombinert. Og då eg hadde gått frå japanaren, måtte eg gjera jobben sjølv. Dette er det eg har vore minst flink til. Men no klarte eg meg godt. Så kom det nokre austerrikarar opp. Til slutt vart det ein duell mellom Harald Lemmerer og meg, seier Ure Søtvik.

Og avslutninga vart dramatisk. Ure Søtvik kom inn på siste flata mot mål like bak Lemmerer, så skifta strendingen spor for å sikra seg sigeren. Lemmerer bytte då raskt spor i same bane, trakka over konkurrenten sine ski og hindra nordmannen i å gå forbi. Ure Søtvik måtte då stogga heilt opp, og gjekk i mål som nummer to.

- Eg var skikkeleg forbanna då eg kom i mål. Lemmerer beklaga med ein gong det som hadde skjedd, og han visste at han kom til å bli diska. Så det er sånt som kan skje, seier Ure Søtvik. Lemmerer vart diska, Ure Søtvik vann med 16,4 sekund fram for Thomas Druml, Austerrike. Truls S. Johansen vart nest beste nordmann med 4. plass, nesten minuttet etter Ure Søtvik.

140 meter

Strendingen kom til konitentalcupen (COC) med to sjetteplassar frå runden i Høydalsmo. I finske Ruka var det to konkurransar. Laurdag gjekk strendingen inn til 4. plass.

- Det var eit godt renn. Eg er godt nøgd med 4. plassen.

Spesielt bra gjorde han det i hoppinga. Han slo til med dagens lengste hopp med 140 meter.

- Det er tøffe vindforhold i Ruka. Då må ein vera tøff og klinka til. Om ikkje, landar ein på kulen, seier Ure Søtvik. Han var nummer to etter hoppinga, og gjekk ut 19 sekund bak norske Harald Riiber.

- Eg vart trekt litt i hoppinga på grunn av forholda.

I langrennet gjekk Ure Søtvik raskt inn Riiber, men fleire sterke austerrikarar kom raskt opp.

- Eg gjorde ein taktisk feil undervegs. Eg gjekk ei stund bak Riiber, og eg var ikkje vaken då austerrikarane stakk, seier Ure Søtvik. Han kom i mål 45,7 sekund bak vinnaren Lukas Greiderer, Austerrike. Ure Søtvik var 2,5 sekund bak Harald Lemmerer på 3. plass.

Neste runde i kontientalcupen går komande helg i Estland. Dette er siste rennet i andre perioden i cupen. Den som toppar perioden då, får friplass i neste verdscupperiode. No kjempar nordmennene Sindre Ure Søtvik og Truls S. Johansen om den plassen.

- Eg satsar sjølvsagt på å ta den plassen, men uansett meiner eg at eg no må få gå verdscup.

Siste VM-plass

Det norske kombinertlandslaget har ikkje prestert like sterkt i verdscupen i år som mange andre år. Derfor er ikkje alle plassane dekka før VM.

- Slik det er no, har eg ein viss sjanse på den siste plassen i den norske VM-troppen. Men dette er ikkje noko eg tenkjer på. Men eg siktar meg inn på å gå dei fleste verdscuprenna utover i sesongen, seier Sindre Ure Søtvik.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.