annonse

Stortap på bortebane

SKÅRA
SKÅRA: Ingeborg Almeland Tveit skåra 5 mål, men det haldt ikkje mot Fyllingen 2. Her frå ein tidlegare kamp. (Foto: Ørjan Brattetveit)

Voss møtte Fyllingen 2 på bortebane måndag kveld. I Framohallen gjekk dei på eit skikkeleg stortap.

Ingvild Siglen Berger

Det vart ein tøff start på hausten då vossingane møtte Fyllingen 2 måndag. 

– Me fekk litt bakoversveis, eit lite sjokk som me vart einige om at me ikkje skulle få. Me gjorde rett og slett det me ikkje skulle gjera, seier trenar Erik Blindheim.

Alt til pause leia Fyllingen 17–8. 

– Me låg under 5–1 før me fekk sukk for oss, men me tok dei igjen og stillinga var ei stund 9–7 midt i fyrste omgang. Så vart det mange tekniske feil i angrep som Fyllinga kontra og laga mål på. Då drog dei frå oss nok ein gang, seier trenaren.

– Ikkje sjokkerte

Han fortel at forsvarsspelet vart nølande og usikkert, tydeleg prega av nervøsitet. Dei tekniske feila fylgde diverre med inn i andre omgang. 

– Det var dårleg tilarbeiding av det andre laget. Me gav dei rett og slett sjansen. I tillegg bomma me på heile sju målsjansar i denne omgangen, grunna snubling, skot utanfor mål og så vidare, seier Blindheim.

Trenaren fortel at dei er glade for å ha haustens fyrste kamp unnagjort, sjølv om resultatet vart stygt. 

– Me vart ikkje sjokkerte over nivået, men er einige om at hadde alle spelarane spelt opp mot sitt vanlege nivå, så hadde kampen vorte jamnare. Det gledelege er at våre unge målvaktar hadde framgang trass eit dårleg forsvar, seier han.

Gjennomsnittsalderen på årets lag er 17,5 år. 

Stabilisera laget

Ingeborg Almeland Tveit, lagets eldste spelar (25 år), stod for fem av vossingane sine mål, medan Jorid Vivås sette inn fire. Lina Børven sørgja for tre, Lena Linga Berge sette inn to og Tuva Mossige Loven eitt mål i løpet av kampen. Men det haldt ikkje. Stillinga ved kampslutt vart 35–15. 

– Fyllingen vil nok kjempa om opprykk, medan me skal bruka sesongen til å stabilisera oss på dette nivået, seier trenaren.

Fram mot neste kamp 4. november mot Stryn på heimebane, skal han og laget bruka tida til å retta opp skuta.

– Me skal pussa på dette. Eg trur sjokket har lagt seg no, og me veit kva me skal retta oss etter, seier han.

– Graver oss ikkje ned

Han fortel at laget er einige om at dei kjempa vel så mykje mot seg sjølve som Fyllingen.

– Dei har ikkje vore ute i ein sånn type krig før, men me graver oss ikkje ned endå. Sånn er livet, seier Blindheim.

Føre måndagens kamp hadde Fyllingen alt spela to kampar, og vunne begge. Utanom Voss og Fyllingen 2, er Årstad, Kjøkkelvik, BSI, Florø, NHHI, Gloppen, Dale og Stryn med i same avdeling. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.