annonse

Super-Mario ferdig som trenar

FERDIG SOM TRENAR
FERDIG SOM TRENAR: Marian Siewruk er ferdig som trenar for seniorlaget og eitt av jentelaga til Voss Handballklubb. ARKIV (Foto: ØRJAN BRATTETVEIT)

Voss Handballklubb har sagt opp avtalen med trenar Marian Siewruk. Nedrykk til 3. divisjon gjer at klubben ikkje kan bruka så store ressursar på trenar som før.

  • Tor Halvorsen

Marian Siewruk er ferdig som trenar i Voss Handballklubb. Det skriv klubben ei pressemelding. Vedtaket om å seia opp avtalen vart gjort i styremøte 31. mars.

Siewruk har dei siste sesongane vore trenar for seniorlaget og eitt jentelag. Den polske trenaren har nytt stor respekt og hatt gode resultat. Men denne sesongen gjekk det verre, Voss rykkjer ned til 3. divisjon etter det styret omtalar som ein tung sesong med sterkt redusert spelarstall.

Kan ikkje forsvarast

Nedrykket står i sterk kontrast til sesongen før, der Voss enda på ein imponerande 4. plass i 2. divisjon. Og styret legg heller ikkje skulda på nedrykket på trenaren, men seier det ikkje kan forsvarast å bruka så store ressursar på trenaren når laget er i 3. divisjon.

- Styret vil ikkje lasta trenaren for nedrykket, men slik total-situasjonen er, meiner styret det ikkje lenger kan forsvarast å nytta så store ressursar på trenar- sida lenger i den vidare sats- inga, seier styreleiar Arne Moen i pressemeldinga.

Profesjonell trenar

Marian Siewruk seier til Hordaland han forstår at kontrakten vert sagt opp.

- Eg er ein profesjonell trenar, det er normalt å mista jobben. Dette er ingen problem, seier Siewruk, eller Super-Mario, som han vert kalla. Som elles viser til klubben for kommentarar om ressursbruk og den økonomiske situasjonen.

- Kva gjer du no?

- Eg vert buande på Voss, kona mi har jobb her, eg er på leit etter jobb, seier Siewruk.

Takkar trenaren

Klubben og trenaren er ifylgje pressemeldinga samde om ein avsluttande avtale, i samsvar med ein avtale frå 2014.

- Marian har vore trenar sidan sesongen 2012/2013, og styret vil takka han for jobben han har gjort, seier styreleiaren i pressemeldinga.

No vert det jobba for å sikra ei berekraftig utvikling av klubben vidare, både sportsleg og økonomisk.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.