annonse

Super Strong til topps på sterk vossadag

STERK SIGER
STERK SIGER: Super Strong med Tore Totland i sulkyen. (Foto: Bergen Travpark)

Både Super Strong, HaukeliExpressen og Lustra Ida leverte sterke løp på Bergen travpark.

Geir Geitle

Super Strong, trena av bulkaren Dag Lunde og eigd av andelslaget Strongest There Is, gjekk heilt til topps i 8. løpet torsdag kveld. Super Strong som berre er fem år, gjekk på 16,1 med Tore Totland i sulkyen, også han godt kjend på Bulken.

Eigarane håva inn 16.000 i premie, slik at den unge hesten nærmar seg med stormsteg 350.000 kroner innkøyrt totalt.

I same feltet tok ein annan Bulken-hest 4. plassen; Lins Tanic eigd av Knut Dagestad. Han gjekk på 16,4, og henta 4000 kroner i premie.

Haukeli Expressen på 2.

Haukeli Expressen sikra seg ein sterk 2. plass i 10. løpet. Seksåringen gjekk på 28,3 og fekk 8000 kroner i premie, etter nyleg å ha passert 300.000 innkøyrt totalt.

Hesten er eigd av Stall Haukeli Expressen, med Kjellaug Marie Anthun, Norvald Anthun, Hallvard Løno, Erik Landaas og Sigurd Belsnes.

Almoda til Brit og Hans-Henry Dregelid tok 4. plassen i 4. løpet. Hoppa gjekk på 31,3 og fekk 4000 i premie.

Dagestad-hest vann

For riktig å understreka at dette var ein god dag for Bulken, gjekk Dag Jo, oppdretta av Nils Dagestad, til topps i 9. løpet.

Dag Jo fekk 16.000 i premie, og her går prosentar til oppdrettaren på Voss.

I same feltet gjekk Lustra Ida inn til 3. plass. Femåringen som er trena av Olav R. Flatekvål gjekk på 28,1 og fekk 5000 i premie til eigarane Team Vest med Olav R. Flatekvål, Hallvard Løno, Dag Lunde, Ingar Gjøstein og Nils Arne Flikki.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.