annonse

Sykla Bergen-Voss for fyrste gong

BERGEN-VOSS
BERGEN-VOSS: Reidar og Arne Gilbakken sykla Bergen-Voss saman for fyrste gong. Brørne var godt nøgde med tida 05.26.44. (Foto: Tom Guldbrandsen)

– Trening gjev meg motivasjon og glede, seier Arne Gilbakken.

  • Katrine Nordanger Mjelde

Då han var 13 år og 353 dagar mista Arne Gilbakken synet. Han bestemte seg tidleg for at det ikkje skulle vera ei hindring i kvardagen. Gilbakken har alltid likt å halda seg fysisk aktiv og førre helg fullførte han Bergen-Voss for fyrste gong.

– Å vera i fysisk aktivitet har alltid hatt mykje å seia for meg. Det var fantastisk endeleg å gjennomføra Bergen-Voss. For ein fin tur, fortel Gilbakken.

Tandem

Han og broren, Reidar Gilbakken, sykla turen saman på tandemsykkel. Det er andre gongen han syklar Bergen-Voss, men fyrste gongen enda turen med havari i Ålvik.

– Det er 35 år sidan sist eg prøvde meg på Bergen-Voss. Me hadde det så fint, og vêret var heilt perfekt. Det var tungt fram mot Trengereid for då var me så mange som sykla saman så det gjekk litt i rykk og napp. Frå Samnanger til Voss var det ein fryd å sykla, seier Arne Gilbakken.

– Eg plar alltid å seia at eg er ein dieselmotor, eg treng ei mil før eg er skikkeleg i gang. Byrjinga er berre oppvarminga.

Begge brørne var godt nøgde med sluttida til Voss på 5.26.44.

– Det gav absolutt meirsmak å sykla Bergen-Voss, det vil nok skje fleire gonger.

Han er ein aktiv syklist og alt no står Voss-Geilo på planen i august.

Aktivitet

Å vera i aktivitet er ein viktig del av livet til Gilbakken.

– Eg er nøydd å trena for å ha energi til å jobba og leva som eg vil. Utan trening blir alt i kvardagen så mykje tyngre. Trening gjev meg motivasjon og glede, seier han.

Han er medlem av Voss Sykleklubb og syns det er kjekkast å ha andre å trena saman med.

– Det er sosialt og ein treffer folk. Eg vil helst trena utandørs, men om vinteren når me har spinning inne, blir det god trening ut av det for me møtest og gjer det saman. Eg har ein spinningsykkel ståande heime, men den er mest til pynt, seier han og ler.

Sosial kvardag

Han var til stades på «Kva er viktig for deg?»-dagen for å snakka om det å vera aktiv og sosial i kvardagen.

– Det er gjevande å kunna vera saman med andre samtidig som ein er i aktivitet. Det er òg viktig for folkehelsa. Me treng møteplassar der med kan vera i fysisk aktivitet og samstundes få sosialisert oss. Eg trur det kan vera helseførebyggjande, seier han.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.