Avisa Hordaland

Sport

Syrefest i Bavallen

Syrefest i Bavallen

Mykje moro, ein solid dose mjølkesyre og sterk lagånd var hovudingrediensane under årets Bavallen Grand Prix.

Klokka 08.00 laurdag morgon gjekk startskotet for lagkonkurransen Bavallen Grand Prix i Voss Resort. Med eitt minutts inter­vall starta laga i botnen av Ekspressheisen, klare for å stå traséen som var lagt gjennom heile skianlegget med målgang på Tråstølen. I år som åra før var det laget «Afterskiers» med Erik Torsvik, Frode Saue og Richard Hansen som starta fyrst. Dei var på pletten med ein gong påmeldinga opna 2. desember i fjor, for å sikra seg startnummer 1.

– Det har blitt ein tradisjon for oss, dette er femte året me er med. Me er lag nummer ein uansett kor fort det går, seier Saue lattermildt.

Dei kom på 9. plass i konkurransen, med tida 37 minutt og 50 sekund.

– Veldig fint i løypene i dag, meiner Torsvik.

Sjå video laga av Hunnålvatn media her: 

Slo fjorårets vinnartid

Ved målområdet venta det både drikke på deltakarane og heiing frå ein liten gjeng med publikum. Vibeke Knudsen, Bendik Torsvik, Ingebjørg Torsvik og Mari Bidne Nævdal stod klare med både noregsflagg og kubjøller. Speaker Brede Abedissen var òg på plass.

– Raskaste tida i fjor var på 37,45. Det kjem an på føret­ kor fort det går. Mange har smurt ski så dei er galne, ler ­Abedissen.

Heile ti lag klarte å slå fjorårets vinnartid, tre av dei stilte i klassen herre/mix med fartsdress. Aller raskast i denne klassen var «Team Speed», med Odin Lødemel, Jakob Sjøtun og Brendan Ketterman, som kom inn på totaltida 35,26.

Se dette bildet i full størrelse
Ingvild Siglen Berger - ALLTID NUMMER EIN «Afterskiers» med Richard Hansen, Erik Torsvik og Frode Saue (til h.) er alltid lag nummer éin, same kor fort det går. I år tok dei 9. plassen i sin klasse.

ALLTID NUMMER EIN: «Afterskiers» med Richard Hansen, Erik Torsvik og Frode Saue (til h.) er alltid lag nummer éin, same kor fort det går. I år tok dei 9. plassen i sin klasse.Foto: Ingvild Siglen Berger

Se dette bildet i full størrelse
Ingvild Siglen Berger - HEIAGJENGEN Mari Bidne Nævdal, Vibeke Knudsen, Bendik Torsvik og Ingebjørg Torsvik (til h.) heia utøvarane i mål.

HEIAGJENGEN: Mari Bidne Nævdal, Vibeke Knudsen, Bendik Torsvik og Ingebjørg Torsvik (til h.) heia utøvarane i mål.Foto: Ingvild Siglen Berger

«Syra»

Lag nummer 16, «Samvirkelaget», kom seg til mål på tida 38 minutt og 36 sekund i klassen herre/mix utan fartsdress. Like før målstreken fekk Arild Bolstad seg ein god dytt av lagkamerat Stian Auganæs.

– Det var fint i dag, veldig bra. Eg vart dytta ein del av Stian som hadde mykje betre glid, og sparte ein del tid på det, fortel Bolstad.

Saman med Åsmund Brekke deltok dei på Bavallen Grand Prix for andre gong.

– Me kjem nok til å vera med igjen, dette er moro, seier Brekke.

Laga fauk i mål eitt etter eitt, medan ein god del deltakarar òg køyrde i mål som einslege svalar. «Syra», «sjukt tungt» og «herregud så sliten» var frasar som gjekk att medan laga pusta ut etter målgang.

Se dette bildet i full størrelse
Ingvild Siglen Berger - I DJUP HOCKEY MOT MÅL Meir enn 50 lag stilte til start i tradisjonsrike Bavallen Grand Prix laurdag morgon, mellom dei «Team Kvålity» med Bjørn Bergstø (til v.), Anders Skjervheim og Øyvind Kvåle.

I DJUP HOCKEY MOT MÅL: Meir enn 50 lag stilte til start i tradisjonsrike Bavallen Grand Prix laurdag morgon, mellom dei «Team Kvålity» med Bjørn Bergstø (til v.), Anders Skjervheim og Øyvind Kvåle.Foto: Ingvild Siglen Berger

Se dette bildet i full størrelse
Ingvild Siglen Berger - FEKK HJELP Stian Auganes (til v.) hadde betre gli og dytta difor Arild Bolstad ein del i løypa.

FEKK HJELP: Stian Auganes (til v.) hadde betre gli og dytta difor Arild Bolstad ein del i løypa.Foto: Ingvild Siglen Berger

Samkøyrde

I klassen herre/mix utan fartsdress tok «VossVind herre» med Stian Overå, Espen Fadnes og Axel Gran ein klar siger med tida 36,38. I klassen dame utan fartsdress vann «Team Extreme» med Hanne Marie Birkeland, Thale Birkeland og Sara B. Rostrup. Dei fekk tida 38,17. Lag nr. 14, med Amalie Jonsen Lunde, Torill Norekvål og Solveig Mundal Alme, brukte tre sekund meir og tok 2. plassen. Gjengen jobbar i Skibar Bula, og deltok for tredje gong saman.

– Det var dritgøy, men gu kor tungt det var! seier Lunde, som meiner forholda var betre enn fjoråret, då det var skodde i skianlegget.

Se dette bildet i full størrelse
Ingvild Siglen Berger - EINGONGSDRESSAR Karethe Lunde (til v.), Kirsti Buset og Birthe Christiansen representerte BKK og fekk ein del merksemd for sine noko spesielle «skidresser».

EINGONGSDRESSAR: Karethe Lunde (til v.), Kirsti Buset og Birthe Christiansen representerte BKK og fekk ein del merksemd for sine noko spesielle «skidresser».Foto: Ingvild Siglen Berger

– For oss gjekk det fint, det er greitt når me er så samkøyrde, fortel Norekvål.

Mellom dei som skilde seg mest ut i skitrekket, var «BKK»-laget med Birthe Christiansen, Kirsti Buset og Karethe Lunde.

– I fjor gjekk me på ski frå Tråstølen til Horgaletten, og var med på afterskien etterpå. Då fann me ut at me berre måtte vera med på dette i år, fortel Lunde.

I bakken hadde dei på seg eingongsdresser som dei sjølve hadde teikna logo på. Laget var med for fyrste gong, og lovar nytt påfunn til neste år.

– Me er berre med på skøy, og ville gjera litt ut av det. Det var heilt topp forhold i bakken, fortel Kirsti.

Etter at alle 52 laga hadde kome i mål, venta det både frukost, afterski og premieutdeling på deltakarane.