annonse

Tapte for Stryn

TAP
TAP: Lina Børven skåra seks mål, men det haldt ikkje mot Stryn. Her frå ein tidlegare kamp mot NHHI. (Foto: Ingvild Siglen Berger/Arkiv)

Det vart tap på bortebane for vossingane laurdag kveld.

Ingvild Siglen Berger

– Me speler litt urutinert, det går rett og slett litt for fort, seier trenar Erik Blindheim på telefon til Hordaland etter kampen.

Stillinga stod 16–11 til pause i Stryn sin favør, men sjølv om vossingane henta inn litt på slutten, vart dei regelrett skoten i senk av Stryn-spelar Ivana Kresic. Resultatet vart til slutt 32-25.

– Det vert for mykje bom på eigne sjansar, både straffar og gjennombrot. Det er det som gjer utfallet, fortel Blindheim.

Han meiner Voss burde ha spelt jamnare i dag.

– Me kjempar litt mot oss sjølv, seier trenaren.

I morgon ventar nok ein kamp for vossingane borte, då mot Gloppen.

– Dersom me får luka vekk nokre feil no, så er me klare for å vinna, seier Blindheim.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.