annonse

Tek frustrasjonen ut mot Voss 2

KLAR
KLAR: Tonny Tysnes og Dale møter Voss 2 på heimebane fyrstkomande sundag. (Foto: Dale Il)

Dale leia 2-0, men tapte 2–3 mot Lindås helga som var.

Ørjan Brattetveit

Trenar Sondre L. Bjordal er skuffa etter kampen, og krev oppreising mot Voss 2 komande helg.

– Dei skal få merka at me tapte. Me skal la frustrasjonen frå denne kampen gå ut over dei, seier trenaren i eit intervju på klubben si facebookside.

Målkongen Tonny Tysnes sende Dale i leiinga etter ei fin vending og eit flott skot med venstrefoten. Før pause auka Kim Andre Søvik Dale si leiing. Men i løpet av dei tre fyrste minuttane av 2. omgang skåra heimelaget to mål. Og før ti minutt er spela av 2. omgang, er heimelaget oppe i leiinga.

– Dei 10 fyrste minuttane av 2. omgang øydelegg alt for oss. Me var ikkje påskrudde i det heile tatt, og dei skåra alle måla sine. Resten av kampen bylgjar fram og tilbake, meiner Tonny Tysnes.

Sundag 21. mai møter dei altså Voss 2 på Dale kunstgrasbane.

Klikk for å se kommentarer ()