annonse

Tevje avslutta med 12. plass

BRA AVSLUTNING
BRA AVSLUTNING: Tevje Lie Andersen fekk ei bra avslutning på sesongen, men er likevel ikkje heilt nøgd med eigne prestasjonar. Biletet er frå VM i freestyle for nokre år sidan. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Tevje Lie Andersen avslutta verdscupsesongen med 12. plass i parallellkulekøyring.

Ørjan Brattetveit

I franske Megeve køyrde Tevje Lie Andersen verdscupavslutninga sundag.

– Det var ein kjekk dag. Eg var direkte topp 16 på grunn av rankinga mi. Der møtte eg heimehåpet Ben Cavet. Eg køyrde ete veldig bra løp og var veldig nøgd. Me var jamne heile vegen, men eg mista litt fart i landinga nede, slik at han fekk tidspoenga. Fleire har sagt at eg burde vunne, men eg er nøgd med køyringa – og då kunne eg ikkje gjort så mykje meir, seier Lie Andersen.

Vossingen har hatt ein bra avslutning på sesongen, men han er likevel skuffa over prestasjonane.

– Eg er skikkeleg skuffa. Eg hadde eitt mål for sesongen- og det var OL. Eg var meir enn god nok til å koma meg dit, og då er det utruleg skuffande å ikkje klara å kvalifisera meg. Etter OL har eg hatt gode opplevingar med god køyring og gode resultat, fortel Lie Andersen.

No skjer det lite for kule­køyrarane før NM 21. april.

Kva Lie Andersen gjer neste sesong, er han framleis usikker på.

– Eg vil ikkje uttala meg om neste sesong enno, men det må skje nokre endringar for at eg skal kunne halda fram. Då er det snakk om meir støtte økonomisk og betre oppfylging generelt.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.