annonse

Tidenes beste, men målvakta reiser

MÅLVAKTA REISER
MÅLVAKTA REISER: Marta Wawrzynkowska (i gult) har vore veldig god i Voss sitt bur denne sesongen, men er tapt for klubben. Dei to andre polakkane Aleksandra Grzecik (t.v.) og Marzena Paszowska er under kontrakt, men Voss handballklubb skal no gå ein runde med alle spelarane om neste sesong.
HEIM TIL POLEN
HEIM TIL POLEN: Den polske målvakta Marta Wawrzynkowska dreg tilbake til Polen og held fram med studiar, noko som ikkje let seg kombinera med å bu på Voss.

4. plassen i 2. divisjon som Voss sine handballdamer oppnådde i år, er best i klubben si historie. Men neste sesong kan verta tøffare­ for klubben.

Geir Geitle

- Me er alle veldig nøgde, seier trenar Marian Siewruk. - Både eg som trenar og alle jentene synest sesongen har vore veldig bra. Jentene og alle rundt laget har jobba hardt, seier Voss sin polske trenar no når 2015-sesongen er over.

Styreleiar Tore Hassel i Voss Handballklubb seier seg samd i at den avslutta sesongen har vore flott.

- 4. plassen er storarta, seier Tore Hassel til Hordaland.

Jobbar godt saman

Voss kapra 4. plassen trass i at Iselin Tho Tønjum vart vekke midt i sesongen, og gjekk glipp av dei siste 14 kampane. Og ikkje minst vart toppskåraren Marzena Paszowska skadd i vinter, og måtte stå over mange av kampane mot slutten. I tillegg var Monica Bakketun, som har 1. divisonsefaring, ute heile sesongen.

- Med fullt lag ville me ha kjempa endå nærare toppen av tabellen, seier Marian Siewruk.

Når det gjeld neste sesong, reiser likevel ein del utfordringar seg. Trenaren sjølv har kontrakt til 2019, og held fram på Voss. - Eg har det veldig bra her, jentene gjer ein god jobb, her er god atmosfære og Voss er ein fin plass å vera. Alt er bra og me jobbar godt saman, seier den polske suksesstrenaren.

Marta reiser heim

Derimot er det nokre spørsmål knytt til spelarsituasjonen. Spelarstallen er det styret i klubben som arbeider med, og dei planlegg ein møterunde med alle spelarane i løpet av dei komande 14 dagane. Etter det veit dei meir kva som skjer, seier Monica Bakketun, lagleiar for Voss.

Det som likevel er klart, er at den gode polske målvakta Marta Wawrzynkowska er tapt for Voss. Ho dreg tilbake til Polen og held fram med studiar, noko som ikkje let seg kombinera med å bu på Voss.

- Me er berre ein amatørklubb, og har ikkje så mykje å tilby, så me forstår den prioriteringa. Men det er absolutt eit stort tap for klubben at Marta reiser. Me har sett denne sesongen kor viktig og avgjerande sisteskansen er i mange kampar, og arbeider for å få på plass ei erstatning, seier Monica Bakketun.

Den polske målvakta vart kåra til beste målvakt i 2. divisjonsavdelinga som Voss spelte i denne sesongen.

Attraktive spelarar

I tillegg er det usikkert med tre av dei unge jentene som i vår er ferdige på Voss Gymnas. - Dei skal vekk og studera, og me veit per i dag ikkje om dei kjem til å halda fram å spela for Voss. Her må me rekna med at nokon forsvinn, seier lagleiaren.

På den andre sida kjem nye, unge spelarar opp frå eigen stall, men dei er utan rutine og må formast, seier Bakketun.

- Kva med dei to andre polske vossaspelarane?

- Dei er inne i femårskontraktar med klubben, så me reknar med at dei held fram. Men dei er attraktive og kan få tilbod frå andre klubbar, noko dei også fekk før denne sesongen.

Marzena Paszowska er operert, og Voss håpar at ho er klar til seriestarten til hausten.

Seks rykkjer ned

Komande sesong vert ekstra tøff på grunn av omorganisering av seriesystemet. Talet på 2. divisjonsavdelingar skal halverast. Dette gjer at dei seks beste laga neste sesong får halda fram i 2. divisjon, medan dei seks nedste laga må ta turen ned i 3. divisjon.

- Dette vert gjort for å heva nivået på 2. divisjon, som får meir regionale avdelingar. Kanskje vert det lengre reiser som til Kristiansand, Molde eller Trondheim. Om me vert verande i 2. divisjon, vil kostnadene derfor stiga. Derfor må me ta ein runde i klubben på kva nivå me ynskjer å etablera oss på, seier Monica Bakketun til Hordaland.

Sist helg avslutta Voss sesongen med tap 24-19 mot Os. Kampen var prega av at han hadde ingenting å seia for nokon av laga. - Det vart som ein venskapskamp, med bankett etterpå i Bergen for alle laga i avdelinga, seier trenar Marian Siewruk.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.