annonse

Tøff framtid i 2. divisjon

KAPTEIN
KAPTEIN: Christine Almeland Tveit seier Voss Hk ikkje har økonomi til å spela 2. divisjon neste år. (Foto: ØRJAN BRATTETVEIT)

Spelarflukt og divisjons- omlegging gjer at Voss Hk har liten sjanse til å overleva i 2. divisjon. Laurdag går fyrste seriekamp.

Ørjan Brattetveit

- Det er synd, men me har ikkje økonomi eller spelarstall til å spela i 2. divisjon neste år. Då vert det meir reising, både med buss og fly, og det vert overnatting. Me har ingen rik onkel som kan betala dette for oss, seier kaptein Christine Almeland Tveit.

- Samstundes vert nivået i 3. divisjon høgare enn tidlegare, seier kapteinen.

Fleire ned

Noregs handballforbund legg om 2. divisjon. Etter sesongen skal divisjonen reduserast frå 6 til 4 avdelingar på landsbasis. Vinnar skal som tidlegare spela kvalifisering om opprykk. Laga på 1. til 7. plass held plassen, 8. laget held seg dersom ingen lokale lag rykkjer ned til divisjone, og dei fire dårlegaste rykkjer uansett ned.

- Me får gjera vårt beste, satsa på at sesongen gjev unge spelarar god erfaring - så får me håpa me vinn nokre kampar. Og så ser me kva det held til, seier Christine Almeland Tveit.

Marzena borte

Borte er målvaktene Marta Wawrzynkowska og Ina Brekke, toppskårar Marzena Pasowska, Ingeborg Almeland Tveit og Ingrid Rørlien. Inn kjem Heidi Lunde Johansen, som tidlegare har spela på godt nivå på Austlandet. No jobbar ho ved lensmannskontoret og har meld seg til teneste for Voss Hk. Sofie Torlei Olsen gjer comeback. Og Monica Bakketun er tilbake etter skade.

Gjer jobben

Trenar Marian Siewruk legg ikkje skjul på at situasjonen er vanskeleg for klubben. Men han vil ikkje snakka om nedrykk.

- Min jobb er å utvikla spelarar, førebu dei til kamp og gjera alt eg kan for at me vinn kampar. Målet mitt er sjølvsagt at me skal kjempa om fornya tillit i divisjonen neste år. Så får klubben ta stilling til kva dei skal gjera, seier Siewruk. Han er nøgd med utviklinga i klubben sidan han starta i jobben for nokre år sidan. I tillegg til å trena damelaget, jobbar han også med aldersbestemte lag.

- Me har no langt fleire aldersbestemte lag enn tidlegare, og trenarane gjer ein god jobb. Me kjem til å få opp mange gode A-lagsspelarar i åra som kjem, seier Siewruk.

Han ser fram til serieopninga mot Gneist.

- Det vert ein tøff kamp. Men me skal kjempa for to poeng, seier han.

Voss HK opnar med tre bortekampar, før dei endeleg spelar heime mot Årstad 24. oktober.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.