annonse

Tøft tap for handballdamene

STANGA IMOT
STANGA IMOT: Maria Børven skåra fire mål på ein tung dag for Voss, med seg har ho Monica Bakketun (t.v.) og Aleksandra Grezesik.

- Eg må berre takka for innsatsen, men me hadde ikkje sjanse, seier trenar Marian Siewruk.

  • Lisa Maria Breistein Sølvberg

2. divisjonslaget til Voss handballklubb (Voss Hk) har tøffe tider, med fleire spelarar borte og lånte spelarar frå 7. divisjon.

- Me har berre to poeng så langt, og me har mista fleire spelarar. Då er det tøft for oss, seier trenar Marian Siewruk.

Eit svekka lag

Han karakteriserer situasjonen som vanskeleg, og seier at det er ein hard kamp for å bli verande i 2. divisjon.

Sundag møtte laget det sterke laget Os, og etter pause var stillingen 7-19.

- Os spelte svært godt, og dei har eit veldig sterkt lag. Me prøvde det me kunne, men dei var for gode. Eg må berre takka for kampen, men i går hadde me ikkje sjanse, seier Siewruk.

Under kampen sundag måtte både Anna Bryn og Aleksandra Grezesik ut grunna skade og sjukdom, og trenaren seier dette svekka eit lag som alt har utfordringar.

- Må sjå framover

Siewruk er derimot klar på at ein ikkje må lata det dårlege resultatet prega framtida.

- Me må gå vidare og sjå framover. No skal me gjera det me kan for å sanka poeng. Me må ikkje stressa, me må halda oss positive og kjempa det me kan, seier trenaren.

Kampen mot Os sundag enda med tap på 21-41 for Voss.

- Rettferdig tap

Monica Bakketun, spelar på laget og sportsleg leiar i styret til klubben, tek tapet mot Os med fatning.

- Os er betre enn oss på alle nivå. Det var eit heilt rettferdig tap, og å tapa mot eit så bra lag er heilt greitt, seier ho.

Bakketun meiner laget no må nullstilla seg etter tapet, og sjå framover mot to kampar neste helg.

- Desse kampane vert minst like harde, men me må berre stå på. Me har god steming på laget denne sesongen, seier ho.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.