annonse

Tok medaljar i Vik

PÅ PALLEN
PÅ PALLEN: Daniel Dukstad frå Voss IL (til v.) tok andreplassen i 4 km G15. Salim Bukari frå Skjalg IL vann, medan Oliver Bosdal Thorsen (Førde IL) tok bronsen. (Foto: NM Terrengløp i Vik)
VANN
VANN: Leif Bjørn Grindedal (Bjørgum IL) sprang inn til siger i klassen 10 km MV 35–39 på tida 3710, føre Ørjan Lunde Øvretveit (Varegg Fleridrett). (Foto: NM Terrengløp i Vik)

Daniel Dukstad og Leif Bjørn Grindedal hevda seg under NM i terrengløp i Vik.

Ingvild Siglen Berger

NM i terrengløp lang løype gjekk av stabelen laurdag. Deltakarane kunne konkurrera i klassar for junior, senior og veteran med distansar på 4 km, 6 km og 10 km. Fem lokale utøvarar var med, men berre to av dei hevda seg i toppen i sine klassar.

Den eine var Daniel Dukstad (Voss IL), som hamna på pallen då han tok 2. plassen i sin klasse for G15 4 km med tida 13:36, berre 1 sekund bak vinnaren Salim Bukari frå Skjalg IL.

Vann sin klasse

Vidare vann Leif Bjørn Grindedal (Bjørgum IL) sin klasse 10 km MV 35-39, som hadde to startande. Han kom inn på tida 37:10, 44 sekund føre andremann.

Tore Akerlie (Voss IL) kom på 11. plass med tida 21:18 i sin klasse MJ 6 kilometer, 1 minutt og 52 sekund bak vinnaren.

Thomas Fenne (Voss IL) vart nummer 21 i klassen 10 km MS, med tida 36:51, 4 minutt og 45 sekund bak vinnaren.

Kimberland Laitinen (Voss IL) vart nummer 24 i same klasse med tida 38:23. Eirik Finne Midthjell var påmeldt, men starta ikkje.

Godt arrangement

Leiar for hovudkomiteen, Nils Gunnar Finne, fortel at arrangementet gjekk heilt strålande

– Me hadde kvidd oss litt for det dårlege vêret som var meldt, men så vart det så fint. Det var litt vind på morgonen, men så kom det sol og den blei verande nesten heile stemnet. Berre det var ei god overrasking, fortel han.

Arrangørane har erfaring frå tidlegare meisterskap og var difor godt førebudde.

– Me hadde besøk av presidenten i friidrettsforbundet som gav gode tilbakemeldingar på både arrangementet og løypa. Det er klart at når det går så bra, så gjer det meirsmak. Men det er veldig mykje arbeid med tilrigging av løypa, telt og alt mogleg, både for frivillige og særskilt for nokre enkeltpersonar, seier Finne.

128 utøvarar stilte til start under NM i terrengløp.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.