annonse

Tonny Tysnes til Øystese

BYTTER LAG
BYTTER LAG: Tonny Tysnes. (Foto: Jan-Egil Dyvik)

Tonny Tysnes går frå Dale til Øystese.

Ørjan Brattetveit

– Eg har gått og tenkt på dette ei stund, me fann til sist ut at dette er ein sjanse eg ikkje kan takka nei til, seier Tonny Tysnes (28) til Vaksdalposten.

Øystese er nyopprykte i 3. divisjon.

Tonny Tysnes har vore innom Øystese i fleire periodar. I fjor spela han nokre kampar for laget. Klubben vil i år møta m.a. 2. laga til Brann, Sogndal og Viking.

Trenar for Dale, Sondre Larsen Bjordal, seier til Vaksdalposten at han gjerne skulle hatt med seg Tonny Tysnes og Ronny Skjelde, som melder overgang til Voss, med seg vidare.

– Både at Tonny vil prøva seg att på eit høgare nivå når han no får sjansen, og at Ronny vil hjelpa Voss tilbake til 4. divisjon, er forståeleg. Så me vil berre takka dei for flott innsats, og ynskja dei lukke til, seier trenaren.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.