annonse

Tre naudsynte poeng til Fbk Voss

TO MÅL
TO MÅL: Mathias Hovland sørgja for to mål då Voss møtte Åsane 2 på bortebane måndag kveld. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

Med siger mot Åsane 2 på bortebane, er Fbk Voss endeleg over streken for fyrste gong på ei stund.

Ingvild Siglen Berger

Voss møtte Åsane 2 på Myrdal stadion måndag kveld, etter førre kamp på heimebane for ei veke sidan, som enda uavgjort mot Ny-Krohnborg. 

Berre tre minutt ut i kampen mot Åsane 2 sette Adrian Lindstad inn fyrste mål og sende Voss i leiinga. Vidare hadde Åsane to større sjansar som keeper Tobias Titlestad redda.

Fantastisk bortekamp

Så var det Mathias Hovland sin tur til å setja ballen i mål for Voss, og sørgja for 0–2 etter 39 spelte minutt. Det var òg stillinga til pause. 65 minutt ut i kampen gjorde Hovland det igjen, og stillinga vart 0–3 til bortelaget. 

Sju minutt seinare fekk Åsane 2 inn eit mål, men det haldt ikkje. Kampen enda 1–3 til Fbk Voss. 

– Me gjer nok ein fantastisk bortekamp, der gutane gjer ein flott jobb. Me gjennomfører planen me hadde lagt nesten 100 prosent, det er berre småplukk å peika på elles, seier trenar Bjarte Bergstrøm.

Knallhard jobbing

Viktigast er sjølvsagt nye tre poeng.

– Dei er ekstremt viktige for oss. No har me teke 10 av 12 moglege poeng på dei fire siste kampane, så det kan ikkje bli så mykje betre. Men det er fire kampar til, og det står framleis att mykje arbeid, meiner Bergstrøm.

Det går i riktig retning for laget. 

– Det går rett og eg synest me fortener det. Men det er gjennom knallhard jobbing. Endeleg byrjar me å få skikkeleg betalt og gutane skjønar kva som skal til, fortel trenaren. 

Skikkeleg lagsiger

Laurdag skal vossingane ut i nok ein bortekamp, då mot Loddefjord på Alvøen kunstgress. 

– No skal me nyta sigeren litt, før det er trening igjen og førebuingar til neste kamp, seier Bergstrøm. 

Han gler seg over gode prestasjonar frå dei to målskårarane og laget elles. 

– Dei held fram å skåra, og det gler oss veldig. Dei gjer ein flott jobb saman med resten av laget. Dette var ein skikkeleg lagsiger, seier trenaren. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.