annonse

Turtveit slo Northug

SLO NORTHUG
SLO NORTHUG: Vebjørn Turtveit. (Foto: Ørjan Brattetveit)

Vebjørn Turtveit gjekk inn til 9. plass under noregscupen på Gålå fredag.

Ørjan Brattetveit

– Eg er godt nøgd. Det er korte avstandar fram til pallen, seier Vebjørn Turtveit etter 15 km fri teknikk.

Anders Gløersen, Rustad IL, vann 15 km fredag med tida 34.39,0. Mathias Rundgreen tok 2. plassen, medan Eirik Sverdrup Augdal tok 3. plassen, nesten 40 sekund bak vinnaren. Chris A. Jespersen tok 4. plassen. Turtveit frå Voss IL tok 9. plassen, 57,4 sekund bak vinnaren.

Føre Northug

Men vossingen slo Petter Northug. OL- og VM-vinnaren kom inn på 17. plass.

– Det såg ikkje ut som om Petter var heilt på i dag, seier Turtveit.

I kvinneklassen leverte Karoline Simpson-Larsen, Vargar, eit godt renn på 10 km fri teknikk. Ho enda på 14. plass, 2.05,7 minutt bak vinnaren Astrid Uhrenholdt Jacobsen, Heming IL. Ho hadde vinnartida 25.58,9. Anne Kjersti Kalvå, Lundamo IL, tok 2. plass og Emilie Kristoffersen, Alta, vart nummer 3.

Fleire lokale

Erling Fagerbakke Fosse, Voss IL, enda på 32. plass på herrane sin 15 km. Han var 2.18,3 bak Anders Gløersen. Hans-Inge Klette, Viljar, vart nr. 99. Han var 6.16,0 bak teten.

Noregscupen held fram på Gålå laurdag og sundag. Laurdag er det klassisk sprint, medan det sundag går 10 km klassisk for kvinner og 15 km klassisk for menn.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.