annonse

Une opna med topprenn

STERKT LØP
STERKT LØP: Une Kvelvane var god i sporet og sterk på standplass. Det heldt til 2. plass i noregscupopninga. (Foto: Arne Brunes)

Une Kvelvane tok 2. plass under noregscupopninga for junior på Lygna.

Ørjan Brattetveit

– Det er veldig kjekt å opna sesongen med 2. plass, seier Une Kvelvane.

Sesongens fyrste noregscup for junior og tredje for senior vart arrangert på Lygna med helga. Frå Voss SSL var det ni utøvarar til start, frå Eldar stilte to utøvarar.

På normaldistansen laurdag, leverte Une Kvelvane eit solid renn. På standplass leverte ho sterke 18 treff med serien 1-0-0-1 i kvinner 20–21.

– Eg skaut om sigeren på siste skytinga. Hadde eg fått alle ned der, kunne eg ha vunne. Men eg er godt nøgd likevel, seier Kvelvane.

Gode forhold

Ho kom i mål 26 sekund bak vinnaren Malin Auganæs Bergtun frå Kvam Langrenn og Skiskyttarlag, som også hadde 18 treff.

– Det var kaldt, men gode forhold. Eg kjende meg litt tung i starten, men eg jobba skikkeleg godt. Og då eg leverte godt på standplass, var eg med å kjempa heilt i toppen heile tida, fortel Une Kvelvane.

7. plass

På normalen laurdag gjekk Hilde Fosse inn til ein fin 7. plass med 17 treff (0-1-1-1) i K18-19, og Kjerand Kvelvane tok 12. plass i menn 18 med 16 treff (0-1-1-2).

Silje Fosse tok 15. plass (1-1-0-2) i K20-21. I menn 17 tok Håvard Innset og Hans Tvilde høvesvis 69. og 71. plass.

Knut Lussand Selheim tok 44. plass i M20-21 (0-4-0-1). I seniorklassen vart Thomas Fenne nr. 15. (1-1-1-1), Bjarte Mørkve nr. 25 (2-2-0-1) og Arild Fosse nr. 39 (2-1-1-3). I kvinner senior var Åsne Ulvund nr. 15 (0-2-1-1).

Svak sprint

Sprinten sundag gjekk ikkje like greitt for dei lokale utøvarane. Une Kvelvane gjekk inn til 13. plass etter sju bom. Ho presterte dessutan å gå éin strafferunde for mykje.

– Det var minus 12 grader, mykje vind sundag og veldig ulike forhold, fortel Une Kvelvane.

Dei lokale fekk desse plasseringane i sine klassar sundag: 12. Åsne Ulvund (0-1), 14. Silje Fosse (3-2), 15. Hilde Fosse (1-2). Vidare fekk Knut Lussand Selheim 20. plass, Bjarte Mørkve 22. plass, Kjerand Kvelvane 24. plass, Arild Fosse 24. pl, Thomas Fenne 28. pl, Håvard Innset 61. pl og Hans Tvilde 75. plass.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.