annonse

Unge lovande siktar mot toppen

FLYGING
FLYGING: Vilde Hansen (t.v.), Arlene Kvarekvål Storebø, Oda Bastesen Storebø og Hilda Bastesen Storebø fylgjer med på flygarar i verdsklassen under EM i kroppsflyging. (Foto: Marita Saue Hamre)
TEAM
TEAM: VossVind Girls satsar alt på å bli best i formasjonsflyging. (Foto: Marita Saue Hamre)
PUBLIKUM
PUBLIKUM: Mange har fylgt med på europameisterskapet i kroppsflyging i VossVind frå torsdag til laurdag. (Foto: Marita Saue Hamre)

Oda, Vilde, Arlene og Hilda har store mål for framtida. Men i europameisterskapet vil dei fyrst og fremst slå seg sjølve.

Marita Saue Hamre

– Me har vore eit lag i to år no, så me er framleis ganske «nye» saman, seier Oda Bastesen Storebø (18).

I desse dagar konkurrerer dei i formasjonsflyging mot nokre av verdas beste flygarar.

– Fyrst og fremst vil me gjera det betre enn me har gjort tidlegare, og håpar på det beste, fortel systera og lagvenninna Hilda Bastesen Storebø (14).

Jentene Oda, Hilda, Arlene Kvarekvål Storebø og Vilde Hansen har konkurrert før, men på heimebane er det noko heilt anna.

Moro, men utfordrande

– Når me flyg her heime, så kjenner me på eit lite press om å flyga bra. Samtidig så er det veldig moro å flyga for familie og vener, og her som me også trenar, fortel dei.

VossVind Girls, som dei kallar seg, satsar no fullt på flyginga.

– Det går mykje tid til trening og konkurranse, men det er samtidig så moro å driva med dette, seier Oda.

Dei seier at det er ein krevjande sport å driva med, og at dei føler at ein del undervurderer sporten.

– Det er krevjande både mentalt og fysisk med kroppsflyging. Når me skal konkurrera må me fokusera 100 % på det, og ikkje noko anna, forklarar Arlene.

Skulearbeidet blir sett til side, og må takast att etter konkurransar.

Formasjonsflyging

VossVind Girls konkurrerer i formasjonsflyging, som inneber at dei har 35 sekund i vindtunnelen til å visa flest moglege formasjonar på kortast mogleg tid.

– Det er veldig viktig at timinga er riktig, og at me har god kommunikasjon når me er i vindtunellen, seier Oda.

Kvelden før konkurransen byrja fekk dei vita kva formasjonar dei måtte gjera i konkurransen.

– Me har berre ein sjanse til å gjera det me skal, og prestera vårt beste, forklarar Hilda.

Med hjelp frå trenar Trude Sviggum ynskjer jentene å halda saman som eit team lenge.

– Det tar tid å bli flink, og me lyt jobba saman for å bli best mogleg, seier dei.

Framtida klar

Sjølv om dei framleis er ganske ferske saman, så har dei alt målet klar for framtida.

– Ein dag vil me bli like gode som dei flinkaste flygarane i verda, seier Vilde.

Oda legg til:

– Ja, også har me veldig lyst at kroppsflyging skal bli ei grein i OL i 2024 – slik at me kan vera med.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.