annonse

Ute av form

SKUFFA
SKUFFA: Sjur Røthe kom ikkje inn mellom dei ti beste i NM i dag. (Foto: Arkiv)

Sjur Røthe måtte ta til takke med 12. plass på femmila i NM laurdag.

Ørjan Brattetveit

Femmila i klassisk intervallstart i Gålå gjekk under tunge, sugande forhold. Martin Johnsrud Sundby var i ein klasse for seg. Røa-løparen kom i mål på tida 2.19.44 og vann gullet med klar margin.

- Dette synest eg var skikkeleg moro, sjølv om eg ikkje syntest det var noko moro undervegs. I dag var det varmt! Det var blodhardt heile vegen. Det er dette som er langrenn. Her får du verkeleg målt krefter, sa vinnaren til NRK.

Dette var Sundbys femte NM-gull på femmil. Johan Tjelle, Lyn Ski tok sylv, medan Jonas Udjus Frorud, Lyn Ski tok bronse.

Sjur Røthe kom inn til 12. plass - og han var 7:13.5 bak vinnaren.

Vebjørn Turtveit vart nr. 34, 12:20.8 bak.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.