annonse

Vargarrennet vart ein snørik affære

I SPORET
I SPORET: Marius Flatebø tok 3. plassen i klassen for gutar 14 år. Han går for Vargar IL/Vossalangrenn. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
GØY
GØY: Sigrid Døssland (Voss IL) synest det er kjekt med skirenn og vil gjerne gå fleire. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
MYKJE SNØ
MYKJE SNØ: – Mykje snø, men det gjekk fint! Slik summerer Janne Johnsen-Iversen frå Bjørgum IL opp Vargarrennet 2018. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
Kristian Vethe spurta inn til tida 04
NØGD: 45 i sin klasse. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

I tett snøvêr gjekk Marius Flatebø inn til 3. plass i sin ­klasse under Vargarrennet 2018.

Ingvild Siglen Berger

– Det gjekk bra, men samstundes var det tungt oppover bakkane, seier Flatebø.

13-åringen gjekk 3 km i klasse G 14 år på tida 09:42, for arrangør­klubben Vargar IL/Vossalangrenn. Johannes S. Græe frå Bjørgum IL vart nr. 2 i klassen, medan Sondre Myking frå Osterøy IL vann.

– Eg måtte jobba heile tida. Nedover òg! Det hjelper ikkje å stå i hockey når det er så mykje snø og lite framdrift, fortel Flata­bø.

Han har gått på ski sidan han var åtte år, og kunne gjerne tenkt seg å satsa på langrenn.

– Det er langrenn og fotball det går i, men eg likar langrenn best, fortel 13-åringen.

Mykje snø

Kristian Vethe (9) stilte òg til start for arrangørklubben Vargar IL, då i klasse G 10 år 1 km.

– Eg har gått Vargarrennet mange gonger før. Det var kjekt, men litt tungt i dag sidan det hadde snøa så mykje i bakkane, seier han.

Vethe regelrett spurta over målstreken etter fire minutt og 45 sekund i løypa. Han trenar både langrenn og skiskyting.

– Neste helg skal eg gå konkurranse i skiskyting i Kvam, fortel han.

Gøy med skirenn

I same klassen for jentene gjekk Janne Johnsen-Iversen (9) frå Bjørgum IL inn på tida 07:05. Ho syntest òg det vart litt mykje snø i skisporet.

– Det gjekk jo fint. Eg har ikkje gått så veldig mykje på ski, men håpar det vert meir. Eg har ikkje alltid tid til det, eg driv med riding i tillegg, fortel ho.

Sigrid Døssland frå Voss IL var òg mellom dei 245 som stilte til start. Ho gjekk 1 km på nøyaktig seks minutt i klasse J 9 år.

– Det var litt tungt. Eg går ein del skirenn fordi det er gøy, og har planar om å gå fleire, seier ho.

Bra deltaking

Rennleiar Reidar Flatebø summerer opp årets Vargarrenn som veldig bra.

– Eg synest deltakinga var veldig bra. Dei siste tre åra har me hatt skøyting som stilart, så då har påmeldinga auka ved at til dømes ein del skiskyttarar har hengt seg på, fortel han.

Sjølv om det vart ein del snø i løpet av sundagen, gjorde ikkje det så mykje for avviklinga av rennet.

– Det var ikkje så veldig utfordrande, sjølv om det kom eit skikkeleg vindkast der i 10–15 sekund. Men det vart med det eine, seier Flatebø.

Totalt var rundt 40 funksjonærar i sving under Vargarrennet 2018.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.