annonse

Vebjørn slo OL- og NM-kongane

STERK PALL
STERK PALL: Vebjørn Turtveit på toppen av pallen saman med landslagsløparane Simen H. Krüger og Sjur Røthe. (Foto: Privat)

+ Simen Hegstad Krüger og Sjur Røthe kom til kort mot Vebjørn Turtveit i Haukelirennet.

Ørjan Brattetveit

– Dette var artig, det var ikkje kven som helst eg hadde med meg på pallen, seier Vebjørn Turtveit.

Etter 32 km i fri teknikk i Haukelirennet laurdag, vann Turtveit på 1.16.30,8. Han var 0,3 sekund framfor Simen Hegstad Krüger, som tok OL-gull i Sør-Korea.

På 3. plass kom NM-kongen frå meisterskapen i Alta, Sjur Røthe – vel to sekund bak Turtveit. På 4. plass kom Hans Christer Holund, Lyn.

– Det er jo berre eit turrenn, men det er klart det gjev motivasjon når eg klarar å fylgja så meritterte utøvarar.

Tung start

Vebjørn Turtveit låg lenge eit godt stykke bak teten.

– Eg kjende meg eigentleg litt tung i starten, men det losna utover. På fyrste spurtprisen, etter 8 km, hadde eg bestemt meg for å la dei tre toppløparane gå. Eg gav frå meg 17 sekund, og måtte gjera ein skikkeleg jobb for å ta dei igjen. Men trur eg tente på å gå jamt seinare i løpet. Eg tenkte med meg sjølv at for kvar motbakke me passerte, auka sjansane mine for siger, fortel Turtveit.

– Men det var ikkje før 20 meter igjen at eg skjønte at det gjekk. Løpet avsluttar med ei bratt utforkøyring, ned ein salta alpinbakke med nokre svingar. Eg låg som nummer tre på toppen, tok Sjur på innersvingen i fyrste svingen og klarte å nærma meg Simen, men kom meg ikkje forbi før inn på oppløpet, fortel vinnaren frå Voss IL.

Kvinneklassen vart vunnen av Silje Øyre Slind, Oppdal IL på 1.22.15,7.

Gode vossingar

Det var fleire vossingar som gjorde det godt under Haukelirennet. Arild Fosse, Bjørgum, tok 10. plassen totalt, medan Erling Fagerbakke Fosse, Voss IL, kom på 12. plass.

I dei yngre klassane leverte Daniel Dukstad, Voss IL, eit flott løp, og var nest raskast av 15-16-åringane. Han kom i mål på 1.27.28,4. Fredrik Galaaen Røthe, Voss IL, gjekk inn på 1.26.19,9 og vart nummer to i menn 17–18.

I ungdomsrennet på 12 km var dei ein del vossingar med. Mellom desse var Amalie Galaaen Røthe, Voss IL. Ho var raskast av alle i jenter 14. Ho kom i mål på 38.54,3.

Torjus Klette, Ørnar, var nest raskast i gutar 16 med tida 34.17,3.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.