annonse

Vinjar og Tevje tel på knappane

DEER VALLEY
DEER VALLEY: Her jublar Vinjar Slåtten etter 3. plass i Deer Valley. Han vil gjerne ha meir jubel neste sesong. (Foto: David Kantermo)

Vinjar Slåtten håpar å kunne satsa mot VM i Deer Valley. Tevje Lie Andersen trur karrieren er over.

Ørjan Brattetveit

– På Instagram la eg ut ei melding om at eg skulle leggja opp. Men eg angrar litt, og eg vurderer å gå på ein sesong til, seier Vinjar Slåtten.

– Det skal nesten skje eit økonomisk mirakel om eg skal halda fram, seier Tevje Lie Andersen.

I mange sesongar har dei to vossingane vore landslagsutøvarar i kulekøyring. Og dei har alltid hatt vanskelege økonomiske vilkår.

Deer Valley

Vinjar Slåtten fekk sin OL-debut denne sesongen. Og han prikka inn forma godt. Han kom til superfinalen og enda på 6. plass i Sør-Korea. Han har veldig lyst til å køyra VM i favorittbakken i Deer Valley neste sesong. Her har han levert fleire gode konkurransar, og det var her han tok si til no einaste pallplassering i verdscupen.

– Deer Valley er motivasjonen. Eg har fått meg jobb, men har fått ordna det slik at eg kan satsa ein sesong til, seier Slåtten. Dei neste dagane vil han jobba med å få svar på ein del ting med tanke på neste sesong.

– Eg håpar å få betre oppfylging frå Olympiatoppen når eg er heime. Eg vil bruka helga og starten av neste veke til å avgjera kva eg gjer framover, seier Vinjar Slåtten.

Rett på jobb

Tevje Lie Andersen kom ikkje til OL, men avslutta verdscupsesongen godt. Han leverte karrierebeste då han nyleg køyrde inn til 5. plass i verdscupen.

– Eg er nokså sikker på at eg no legg opp. Det skal eit økonomisk mirakel til for at eg held fram. Me må i så fall ha heilt andre økonomiske rammer. Når eg er heime, jobbar eg nesten utan stans. Eg reiser frå flyplassen til jobb og tilbake til flyplassen, seier Tevje Lie Andersen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.