annonse

VM-finale for Vinjar og Tevje

TV-UNDERHALDNING
TV-UNDERHALDNING: Vinjar Slåtten leverte direkte på TV. SKJERMDUMP NRK
I FINALEN
I FINALEN: Både Tevje Lid Andersen og Vinjar Slåtten kom til finalen i Sierra Nevada onsdag. (Foto: SIGBJØRN SLÅTTEN)
Tevje Lie Andersen enda på ein 17. plass. SKJERMDUMP
Tevje Lie Andersen enda på ein 17. plass. SKJERMDUMP: NRK

Vinjar Slåtten og Tevje Lie Andersen kom begge til VM-finalen i kulekøyring onsdag. Superfinalen rauk med liten margin for Slåtten som tok ein solid 7. plass.

Ørjan Brattetveit

Freestyle-VM går av stabelen i spanske Sierra Nevada. Onsdag var kulekøyrane klare for kampen om medaljane. I kvalifiseringa køyrde Vinjar Slåtten inn til 9. plass og sikra seg ein plass i finalen.

Tevje Lie Andersen enda på 17. plass. Og han måtte dermed ut i 2. kvalifiseringsrunde for å sikra seg ein plass mellom dei 16 som skulle få køyra finalen. Og i andre kvalifiseringsrunde gjorde vossingen jobben. Dermed var han klar for sin andre VM-finale på rad.

Tevje på 17.

I finalen kjempa dei 18 beste om ein plass i superfinalen - der dei seks beste køyrer om medaljane. Tevje Lie Andersen var fyrst ut av dei to vossingane i VM-finalen.

- Landar hoppet bra og køyrer fint no, kommenterte Peder Mørtvedt og Stian Erisen på NRK TV etter Lie Andersen sitt fyrste hopp. Men tonen endra seg då han landa djupt etter siste hoppet.

- Nei, det spørst om ikkje dette var feilen som kosta han superfinalen. Han landar lågt og brukar tid på å ta seg inn igjen, kommenterte Eriksen, som er rennleiar for verdscupen i Myrkdalen seinare i vinter.

Tevje Lie Andersen fekk poengsummen 75.12. Dette skulle halda til 17. plass.

Solid av Vinjar

Vinjar Slåtten opna med ein fin d-spinn på fyrste hoppet, og kom seg bra inn mot det neste hoppet, der han nok ein gong svevde godt, tok ein fin grab og hadde full kontroll på landinga.

- Dette kan halde til superfinale for Vinjar, sa tv-kommentatorane då vossingen hadde køyrt i mål. Men poengsummen 82.67 var akkurat for lite til å ta plass i superfinalen. Han enda på 7. plass. Marco Tade, Sveits, tok den siste superfinaleplassen med poengsummen 83.18. I superfinalen møtte sveitsaren elles storfavoritt canadiske Mikael Kingsbury, som hadde 86.59 i finalen og var best, Ikuma Horishima, Japan, Benjamin Cavet, Frankrike, Bradley Wilson, USA og franske Anthony Benna.

Beste nokosinne

Vinjar Slåtten tok med 7. plassen den beste plasseringa ein norske mannleg kulekøyrar nokosinne har teke i VM. Hans Engelsen Eide si beste internasjonale plassering kom i prøve-OL då han tok 2. plass. Han har også vunne verdscuprenn. Men han fekk aldri suksess i VM.

Vinjar Slåtten hadde sjølv den norske bestenoteringa, som var 9. plassen i VM i Myrkdalen for nokre år sidan.

VM i Spania held fram med parallellkulekøyring.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.