annonse

Voss kjempa om medalje

NM
NM: Sjur Røthe og Vebjørn Turtveit gjekk lagsprint i NM i Alta i dag. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Sjur Røthe og Vebjørn Turtveit gjekk ein god lagsprint i NM.

Ørjan Brattetveit

Ski-NM del to starta i Alta i dag med lagsprint i fri teknikk på programmet. Voss IL stilte til start med ein sterk duo: Sjur Røthe og Vebjørn Turtveit. Og dei var sterkt med i medaljekampen, men enda på den sure fjerdeplassen.

– Eg vart litt usikker på formen vår etter semien, men me kvikna til i finalen og fekk ei god plassering. Synd at det blei 4. plass, men me er godt nøgde, seier Vebjørn Turtveit.

Også Sjur Røthe er godt nøgd med innsatsen på lagsprinten.

– Eg var skuffa akkurat då eg gjekk over målstreken til fjerdeplass, men no er eg godt nøgd. Me gjekk ein optimal lagsprint, seier Røthe. 

Lucky loser

Vossingane starta i tredje semifinaleheat, og klarte akkurat å kvalifisera seg til finalen då dei enda på 5. plass i heatet.

–  Me gjekk vidare som lucky loser, forklarar Turtveit. 

Sterk finale

I finalen gjekk Vebjørn Turtveit fyrste etappe. Feltet held saman, og Voss fekk ein god start. Turtveit sende Røthe ut på 2. plass i klyngja av finalelaga. På denne etappen vart tempoet sett opp, og det vart meir strekk i feltet. Voss veksla så på 12. plass, 2.7 sekund bak tet. På 3. etappe gjekk Voss ut på 7. plass, 2,3 sekund bak. Turtveit vart sendt ut på 4. etappe på 6. plass, 1,6 sekund bak tet, før han sende Røthe ut på 4. plass 3–4 sekund bak tet.

På siste etappen kjempa Sjur Røthe om medaljane. Til slutt gjekk han inn på 4. plass, 1,1 bak NM-vinnarane Lillehammer (Martin Løwstrøm Nyenget og Håvard Solås Taugbøl). Og berre 0,3 bak medalje.

Det er andre gong Turtveit og Røthe går lagsprint i NM for Voss IL. Fyrste gong vart det 5. plass.

–  Etter 5. og 4. plass, satsar me på medalje neste gong. For dette skal me gjera igjen. Lagsprint saman med Vebjørn, eg absolutt noko eg gjerne går igjen, seier Røthe.

Kvinneklassen vart vunnen av Tiril Udnes Weng og Lotta Udnes Weng i Nes ski.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.