annonse

– Voss og Osterøy er favorittar

TØFF AVDELING
TØFF AVDELING: Tonny Tysnes meiner 5. divisjon avdeling 2 for 2018 er ei tøff avdeling med mange artige oppgjer. (Foto: Jan-Egil Dyvik/Arkiv)
5. div. avd. 2 2018

Tonny Tysnes trur vossingar og ostringar vil kjempa om avdelingssigeren.

Ørjan Brattetveit

Hordaland Fotballkrets offentleggjorde denne veka oppsettet for 4. og 5. divisjonsavdelingane for 2018-sesongen.

Voss, Dale og Vaksdal kom, som venta i same avdelinga.

– Dette vert ei tøff avdeling med mange artige oppgjer, seier Dale sin målkonge, Tonny Tysnes.

Han gler seg stort til oppgjera mot Vaksdal og Voss.

– Opprykk for Voss

Voss skuffa stort i årets sesong, og må neste år spela i 5. divisjon. Tonny Tysnes trur Voss kan kjempa om opprykk på fyrste forsøket.

– Voss og Osterøy er dei store favorittane. Men alt kjem jo an på kva spelarstall laga stiller til våren – om dei klarar å halda på spelarane sine og får spennande nykomarar.

Tonny Tysnes trur også Baune kan blanda seg inn i tetstriden.

På veg bort?

Medan Voss rykte ned til 5. divisjon, gjekk både Vaksdal og Dale opp til 5. divisjon.

– Eg tippar at Dale kan hamna midt på tabellen, seier Tysnes.

Målkongen er likevel ikkje heilt sikker på om han held fram på Geitabakken.

– Ingen ting er heilt i boks. Det kjem an på kva resten av spelargruppa ynskjer for neste sesong. Treningsmengda og seriøsiteten må opp fleire hakk frå i haust om me skal greia å halda oss i divisjonen, seier Tysnes.

Kvar han eventuelt tek vegen, er han usikker på.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.