annonse

Vossaalpinistane leverte på heimebane

GOD LAURDAG
GOD LAURDAG: Marius Brakestad sikra seg ein 4. plass i rennet laurdag, og vann dermed juniorklassen. Sundag hamna han på 10. plass. (Foto: Katrine Nordanger Mjelde)
FIS-RENN
FIS-RENN: Voss alpin arrangerte FIS-renn i Bavallen i helga, og det var storslalåm som stod på programmet. (Foto: Katrine Nordanger Mjelde)
VOSS IL
VOSS IL: Anna Bryn Mørkeset, Vilde Brakestad og Marius Brakestad stilte til start for Voss IL. (Foto: Katrine Nordanger Mjelde)
JUNIOR VINNAR
JUNIOR VINNAR: Marius Brakestad (i midten) stakk av med sigeren i juniorklassa i storslalåm laurdag. (Foto: Katrine Nordanger Mjelde)

Marius Brakestad og Anna Bryn Mørkeset vart juniorvinnarar i FIS-rennet i Bavallen.

Katrine Nordanger Mjelde

Det var dags for storslalåm i Bavallen og om lag 15 nasjonar møtte opp på startstreken.

Frå Voss IL var det Anna Bryn Mørkeset (17), Vilde Brakestad (21) og Marius Brakestad (18) som var med.

– Laurdagen var veldig fin, men eg kjende eg vart passiv i dag når det vart så dårleg vêr. Løypa måtte saltast. Det er eg ikkje så kjend med, fortel Anna Bryn Mørkeset.

Nøgd

Bryn hamna på 4. plass både laurdag og sundag og vann juniorklassen begge dagane.

– Alt i alt skal eg vera godt nøgd med plasseringane denne helga, seier Mørkeset.

Ein som ikkje er så nøgd med sundagens prestasjonar, er Marius Brakestad.

– Nei, i dag gjorde eg det ikkje noko bra, og er ikkje nøgd med 10. plass. Eg får det ikkje heilt til som eg vil, seier han.

Laurdag derimot, hamna han på ein fjerdeplass og vart vinnar i juniorklassen.

– Det var ein betre dag for meg laurdag, og vêret var monaleg betre, fortel han.

Køyrde ut

Vilde Brakestad hamna på ein 8. plass laurdag.

– Eg hadde ein bra siste del i fyrste omgang, men så gjer eg to feil inn mot mål i andre omgang, fortel ho.

– Eg gjorde det veldig mykje betre sundag, men då køyrde eg dessverre ut, seier Brakestad.

– No har det vore strålande vêr så lenge, og så kjem dette vêret når me skal ha renn. Men det er godt at utøvarane får prøvd seg på dette og, seier dommar Sverre Melbye.

Han har vore dommar heile helga.

– Sikta blir monaleg verre når det regnar ettersom det blir vatn og dogg på brillene. Så dei blir gjerne litt meir usikre når dei hiver seg utfor. Sjølve føret i løypa skal ha vore veldig bra, seier han.

Best på Voss

– Det er kjekt å kunna arrangera FIS-renn her på Voss. Alle veit at det er her ein får dei beste forholda, seier rennleiar Torgils Bryn.

– Me hadde litt utfordringar med all snøen som kom tidlegare i veka, men fekk god hjelp frå Voss Resort til å preppa løypa. Me var jo og skeptiske til vêrmeldinga for laurdag, men det vart mykje betre enn venta. Forholda i løypa har vore knallbra, seier han.

150 utøvarar hadde teke turen til Voss for å vera med på FIS-rennet.

– Det er kjempekjekt at det kjem så mange, og det er veldig bra for alpinmiljøet her på Voss. Det er viktig for Voss at det er gode renn her og gode deltakarar, fortel rennleiaren.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.