annonse

Vossadamene i toppen

MÅLSKÅRAR
Målskårar: Mathilde Finne skåra eitt av måla då Voss slo Arna-Bjørnar 2 3-0. (Foto: Ørjan Brattetveit)

Mathilde Finne og Fbk Voss står med seks poeng etter to kampar.

Ørjan Brattetveit

– Det er kjekt å visa at me held nivået, seier Mathilde Finne på det nyopprykte 2. divisjonslaget.

Heime mot Arna-Bjørnar 2 var Voss klar best på Olabanen, og vann 3–0 etter ein mållaus 1. omgang.

Styrte kampen

Voss var best i 1. omgang, men klarte ikkje å omsetja spelet i mål. Sanna Skulstad Dregelid var nærast då ho missa åleine med keeper.

Men i 2. omgang var knapt sett i gang før Voss pressa bortelaget høgt, Mathilde Finne uroa ein forsvarar til å gjera feil, og Birte Øvsthus hadde ein enkel jobb med å setja inn 1–0.

Så er det Mathilde Finne sin ut til å få utteljing knapt ti minutt ut i omgangen. Ingebjørg Stueland gjer godt førearbeid, og Finne skyt kontrollert inn 2–0.

Brassedebut

Therese Vaksdal (25) kom inn som innbytar i sin fyrste kamp for A-laget. Politiaspiranten frå Søfteland leverte eit solid brassespark i sitt fyrste spark på ballen på A-laget. Treffet var reint, men ballen gjekk like utanfor.

– Det berre skjedde, seier Therese Vaksdal.

Etter å ha vore farleg frampå ein gong til avgjorde Vaksdal kampen med eit knallhardt skot.

Trenarduoen Per Kristian Ødegaard og Jon Ivar Fjose sa seg godt nøgde med kampen.

– Arna-Bjørnar hadde sjansar på oss i fyrste, og eit stongskot i andre omgang. Så dei kunne ha fått meir med seg. Men me var best, og klarte å utnytta sjansane i ein god 2. omgang.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.