Vossajentene vann handballcupen

Voss jenter 13 stod heilt øvst på sigerspallen då Voss Handballcup gjekk av stabelen i helga som var.
Laget vann alle kampane i si gruppe gjennom cupen.
– Dei har hatt ei særs fin utvikling som lag denne sesongen med Anders Rykke som trenar, seier Hege Toje, styremedlem i Voss HK.
I finalen møtte dei Jotun, og det vart ein jamn kamp. Til slutt vann Voss 4–3. Aurland tok tredjeplassen i gruppa. Toje fylgde J13-laget spesielt i cupen.
– Dei har gått frå å ikkje vinna så mykje til å verta veldig gode mot slutten av sesongen, seier ho.
Nesten fem hundre unge handballspelarar frå 2. til 8. klasse tok over Voss i helga, der til saman 111 kampar vart spelte, dei var på diskotek og fekk nye vener. Lag frå Sogn og Fjordane, Hordaland og til og med Austlandet hadde meldt seg på.
– Det var ei kjempefin cupoppleving. Naturen, sola og alt gav ei fin ramme rundt det heile, seier Toje.
Ho fortel at det generelt har vore veldig fin stemning, der alle heiar på kvarandre. Ingen gutar frå Voss var med på årets cup
– Det er med andre ord ein liten klubb, men som får til fantastisk mykje takka vera innsats frå spelarane sine foreldre, seier Toje.
Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.