annonse

Vossingane hausta medaljar på Osterøy

MEDALJETRIO
MEDALJETRIO: Anne Tharaldsen Danielsen, Troy Brandseth Norbakk og Mariell Hetlesæther Morken med vandrepokalen som dei var med å vinna for Hordaland Friidrettskrets. (Foto: Voss IL)

Tre gull, to sylv og to bronse: Vossingane tok mange medaljar under ungdomsleikane på Osterøy.

Ørjan Brattetveit

Mariell Hetlesæther Morken, Anne Tharaldsen Danielsen og Troy Brandseth Norbakk frå Voss IL leverte solid innsats under Ungdomsleikane på Osterøy laurdag og sundag. Og alle tre er i landstoppen i sine øvingar og klassar. På Osterøy kjempa krinslaga frå Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og agderfylka om heider i 13- og 14-årsklassane. Hordaland stakk av med sigeren. Det var også arrangert ungdomsleikar på Jessheim og i Stjørdal.

– Me trenar godt, har det kjekt saman og gjer kvarandre gode.

Slik forklarer dei tre utøvarane vossasuksessen på friidrettsbanen i år.

To gull

– Eg er godt nøgd med helga. Eg er godt nøgd med to gull og ein bronse, seier Mariell H. Morken. Ho vann kulekonkurransen i jenter 14 med 12 meter.

– Det var vanskelege forhold då kulekonkurransen gjekk, så eg er godt nøgd med resultatet, seier Mariell, som tidlegare i haust har passert 13 meteren fleire gonger.

Mariell vann også sleggje (3 kg) med 35,49. Og ho tok 3. plass i spyd med 32,52. I diskos vart ho nummer fire.

Mariell sette nyleg pers på 13,52 i kule (3 kg) og dette er klart årsbeste i landet i årsklassen, og nest best nokosinne. Ho er også best i år i diskos og nummer tre i sleggje.

Sterk 60 meter

Anne T. Danielsen slo til med ein sterk siger i 60 meter i 13-årsklassen. Ho vann med 8,48, som nesten var tangering av persen.

– Fyrst sprang me heat, og eg kom meg til finalen. Der var det veldig spennande og jamt, og eg er kjempeglad for at eg vann, seier Anne.

Ho tok sylv på 200 meter hekk med 33.02 og bronse på 60 meter hekk med 10.72. Vidare tok ho 5. plass på 200 m (30.22). Ho var også med på Hordaland sitt blanda stafettlag som vann 8 x 80 meter.

Anne er på 4. plass på landsstatistikken på 200 meter hekk og på 7. plass på 60 meter.

Solid pers i spyd

Troy B. Norbakk tok sylv både i spyd med 41.08 og i sleggje (4 kg) med 33,84. I diskos (1 kg) tok han fjerdeplass med 28,99. I kule vart han nummer 10.

– Eg er veldig godt nøgd med spydkonkurransen. Der persa eg med 2,5 meter. Eg var litt skuffa over at eg ikkje vann, for det var berre 7–8 cm fram til gullet, seier Troy B. Norbakk.

Troy er på 3. plass på årsstatistikken i spyd.

Utøvarane avsluttar utandørssesongen med Bergensleikane på Leikvang stadion om nokre veker. Så vert det ein konkurransepause inntil innandørssesongen startar i januar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.