ENERGISK: Høgre-bulldosaren Sveinung Riber fekk tidleg attest på at han var høgrøysta. No talar han sin eigen statsminister midt imot, og lovar meir bråk om E16.

«Sveinung Riber snakker høyt og tydelig, og er umulig å misforstå.»

- Når eg slår i bordet, så slår eg hardt, anten det er bordet­ til statsministeren eller ­vanlege folk. Men det er klart, Erna vart ikkje blid. Det var ho slett ikkje!

Publisert 18.03.2017 kl. 18.05. Oppdatert kl. 19.48.

Sveinung Riber

NAMN: Sveinung Riber

ALDER: 6o år.

YRKE: Byggmeister.

VERV: Folkevald Høgrerepresentant i Voss kommunestyre.

BUR: Opelandsvegen, Voss.

Driv entreprenørfirmaet Møen & Saue AS, saman med kona Synnøve Riber.

SIVIL STATUS: Gift, tre born

AKTUELL: Kjempar med nebb og klør for K5, ny veg og bane mellom Voss og Bergen.

ÅTVARING: teksten inneheld bruk av caps lock, men så er det også eit intervju med Sveinung Riber.

Laurdagsgjesten vår denne gongen er Sveinung Riber, høgrepolitikaren frå Voss, som refsa sjølvaste statsminister Erna Solberg på riksdekkjande fjernsyn førre veke, då det vart klart at regjeringa vil utsetja arbeidet med ny veg og bane mellom Bergen og Voss til 2024.

I morgon fylgjer han opp med aksjon for same sak i Arna. Han har ikkje planar om å dempa seg, og lovar ein appell det skal ryka av.

Han fortel at han ikkje har noko val, han må sjå bort frå krav om partilojalitet og taktiske val for eige politisk liv, og berre syngja ut si hjartans meining. Jamvel om det gjer han til laus kanon på dekk på Høgre-skuta.

Slikt er ikkje heilt vanleg i politikken, men så er ikkje Sveinung Riber ein heilt vanleg politikar, heller.

IKKJE BRAUTEN, MEN ... Me møter han i svingen ved Mønshaug, i kontorlokala til entreprenør Møen & Saue, byggmeister­verksemda med tolv tilsette, som han eig og er leiar for saman med kona Synnøve­.

Røysta hans er det fyrste me høyrer, gjennom tre dørkarmar. Det går på engelsk­ med karakteristisk vossaaksent med utgamle diftongar, som han også er kjent for å bruka på sosiale medium.

BEFALSKULEN: I attesten frå Forsvaret: «Sveinung Riber snakker høyt og tydelig, og er umulig å misforstå.» Biletet er frå befalskulen i Trondheim i 1976. FOTO: Privat

- God dag, me har ein avtale med Sveinung. Me høyrer han, men ser han ikkje, seier me til Synnøve.

- Ja, du, me høyrer han godt me også. Han ventar på deg på møterommet, seier ho med eit lunt smil.

Engelskpraten er over, og ei grepa handhelsing vert gjort unna. Det fyrste­ me må ta opp er at han kan verka noko dramatisk, forrykande, kanskje buldrete­. Er han det?

- NEI, NEI! Eg vil vera tydeleg. Spissformuleringane er med vilje, og eg er aldri redd for å seia kva eg meiner, for eigen del, eller på vegner av vossebygda. Det er slett ikkje meininga å opptre som bråkete, men eg kan nok verka høglydt og brutalt ærleg stundom. Det kjem eg til å halda fram med, slår handverkaren fast, og legg handa i pausebordet så duken blafrar i kantane.

- Folk tyr gjerne til enkle forklaringar og løysingar i vanskelege tider og saker. Er du ein slik?

- Slett ikkje. Eg set meg inn i saker og tykkjer også dei er vanskelege. At eg vil vera enkel å forstå, gjer meg ikkje til eit enkelt menneske. I dag er mange politikarar­ ulne og vage. Det gjer folk u­sikre, og då meiner eg dei har bomma litt som politikarar.

UREDD I RAUDT: Sveinung Riber er fotballfrelst, og hjartet står både i Brann og i Manchester United. Men no har han synt for heile Noreg at han også er villig til å ­risikera raudt kort i kampen for heime­laget, Voss og bygdene ikring for betre E16 og jernbane mellom Voss og Bergen.

Buldrete vert feil. Det er noko anna ved Sveinung Riber. Det varme smilet som fylgjer den veivande bamsen. Augo som gneistrar, men ikkje er vonde.

Sveinung Riber er engasjert. Så engasjert at han kan dirra.

PÅ TUNET I UNDERBUKSA. At engasjementet kan ta fullstendig av, er noko anna. Som til dømes fyrste gongen Anne Elisabeth Elvebakk vart verdsmeister i skiskyting, og Sveinung spratt opp av stolen, sprang ut og heiste flagget til topps. Deretter oppdaga han at han stod der midt på tunet i berre underbuksa.

- Ja, hehe, som sagt, eg vert engasjert, slik er det berre, både i privatlivet, i arbeidslivet og i politikken.

Det er ikkje ei spissformulering. Idrettsengasjement, lagsarbeid og ei rekkje styreverv fram gjennom åra, vitnar om ein person som bryr seg breitt.

Han har gjort verksemda til ei «Erasmus-bedrift» som opnar for utveksling av ungdom mellom land, han brenn for gamle stolte handverk. Han hyrer inn flyktningar i verksemda for å hjelpa dei med å få noko å gjera i det nye landet, og han har vore med og skipa idrettslag og Natteravnane på Voss.

TALAR ERNA MIDT IMOT: Her under ei synfaring av raset som gjekk ved Hyvingstunellen på E16 i fjor vår. Sveinung Riber får høve til å gje uttrykk for sitt syn i saka, til samferdselsminister Ketil Solvik Olsen(Frp) og statsminister Erna Solberg (H). ARKIVFOTO: Karl Ystanes

FOTBALLFRELST. Legg til trua på at det meste er råd å få til, og for all del fotballfeberen, så har du Sveinung Riber. Den heilfrelste Manchester United-supporteren, vart leiar i Bjørgum IL som 15-åring og spela siste seriekampen for same lag som 47-åring. Kallenamnet «Svingen» kjem også frå fotballen, og av at han enkelt og greitt budde ved ein sving.

Tidleg på 1990-talet drog han og nokre fotballvener i gang ein minikino i kjellar­lokala på Mønshaug. Det var i tida då Sky Sport regjerte, og parabol ikkje var allemannseige. Alle fotballinteresserte, uansett klubb, var velkomne til kjellaren til Svingen for å få sjå engelsk toppfotball.

- Det var eit populært tiltak, med sitjeplass til 40 personar. Eitt år hadde me faktisk 3000 personar innom. Alle slags folk, bergensarar også, kom innom. Eg hadde kontaktar rett inn i Sky-redaksjonen, så når signalet ramla ut, tok eg straks kontakt og ordna opp, fortel han.

- Me fekk gjerne signalet tidlegare att­ende i kjellaren på Mønshaugen, enn kva dei gjorde på Fotballpuben midt i Bergen. Eg har gode kontaktar mange stader, anten der er i idretten eller i politikken, og eg går rett til toppen om eg vil noko, fortel han.


IRRITERTE ERNA. Det er den politiske Sveinung Riber som er tydelegast no for tida. Høgrerepresentanten i Voss kommunestyre er mellom dei ivrigaste på talarstolen. Han var tidlegare representant for Ap, men gjekk ut av partiet i samband med ein nominasjonsstrid tidleg på 1990-talet. Etter ei tid på bygdeliste, valde han Høgre.

- Ein som meg må ha rikeleg takhøgde. Det meiner eg Høgre har på Voss, under Iril (Iril Schau Johansen. red.merk.) si leiing, seier han.

No han kan ha tøygd strikken noko langt, jamvel under taket til Iril. Det fekk heile kongeriket sjå då han på fjernsynet gav sine eigne på Løvebakken det glatte lag.

- Du kritiserte din eigen statsminister på riksdekkjande fjernsyn. Er denne saka så viktig for deg at du set politisk karriere på spel?

- Ja! Eg visste det ville verta ballade, og eg må sikkert inn på teppet til Erna. Ho var ikkje blid, men eg kan ikkje bry meg om det. Her handlar det om liv og helse. Me vart lova oppstart av ny E16 og bane i 2021, men no vil dei utsetja det til 2024. Det kan eg som folkevald for regionen rett og slett ikkje finna meg i. DET KJEM IKKJE PÅ TALE! Så eg valde å slå i bordet, og når eg slår i bordet, så slår eg hardt. Om det råkar statsministeren eller andre langt oppe i systemet, får ikkje hjelpa, seier Sveinung, og lener seg fram på stolen.


No dirrar han, fektar med nevane og ser oss rett inn i augo. Han kan svelgja kamelar av omsyn til partilojalitet, men ikkje i K5-saka.

- Dette handlar om liv og død, og då svelgjer eg ikkje ein einaste kamel. Eg vik ikkje ein millimeter, seier han.

TRAGEDIEN som motiverte. Han veit diverre godt kva han snakkar om. For fleire år sidan opplevde Riber at ein av dei tilsette i verksemda mista livet i ei trafikkulukke.

- Han var lærling, ein pliktoppfyllande, ung og god kar, som omkom på veg til arbeid. Når slikt skjer, endrar det deg. For min del har det lagt mykje av grunnlaget for å kjempa for betre og tryggare vegar, og det skulle eg meina er eit ærleg motiv, seier han. No er Sveinung roleg, som i eit stormauge. Han ser i bordet.

- Eg er innom desse tankane kvar einaste veke, fortel han, og legg til at ulukker er det einaste som kan truga nattesøvnen.

- Du har det med deg livet ut. Når eg høyrer om ulukker her i regionen, så ottast eg. Det hender nok at eg kan liggja litt vaken då.

- Me elles søv du godt?


- Som ein stein.

- Du kan seia tydeleg ifrå, held det som ein dyd nærmast, men kan du også gå varsamt, vera smidig for å få avtalar i boks?

- Det må du kunna, i politikken og i byggjebransjen. Eg kan gjera avtaler, for å seia det slik. I min bransje må du vera litt psykolog. Verksemda vår er 90 år. Det seier nok litt om at me steller godt med kundane og gjennomfører gode prosjekt, seier Riber.

Verksemda Møen & Saue, som var sentral i oppbygginga av Vangen etter krigen, var på sitt største opp mot 40 mann, og har hatt store oppdrag, til dømes totalentreprisen på kommunehuset i Eidfjord, dei har sett opp E-verksbygget i Granvin, Ulvik og bygget til Voss Energi og Sosialbygget på Vangen. For å nemna ein brøkdel. No er dei tolv. Det er ein storleik Sveinung er meir komfortabel med.

- Det er ein bransje som går i kraftige bylgjer, og det kostar å vera stor. Det er mykje ansvar og det krev alt av deg som leiar. Du har meir kontroll, og tid til andre ting med færre folk.

- Kva er det du likar ved bransjen?


- Spenninga, variasjonen, det å skapa noko. Du jobbar med folk og framfor alt så brenn eg for handverket. Eg ivrar for snikkaren, tømraren, og andre stolte og tradisjonsrike handverk, fortel mannen, som sjølv er utdanna ved Teknisk fagskule i Stavanger, er tømrar, snikkar, har handelsskule, og utdanning frå Forsvaret, og som fekk tid til ei aldri så lita karriere som fenrik i det militære, med hovudansvar for fleire repetisjonsøvingar på Voss.

DET ROLEGE PARADISET. Sveinung vaks opp i ein lukkeleg barndom i Løype­svingen under Mønsberget, på fotballbanen på Bjørgum, med stonga langs Kvisli­-elva eller med Eidfjord-besten på jakt etter storlaksar.

I vaksenlivet har kampen for betre veg vorte eit kall, men når det gjeld favorittferiestaden hans, Lille Brandsdal i Gulen, så er det avgjerande at det faktisk ikkje er veg dit i det heile.

- Me må i båt for å koma ut. Det var også eit poeng då me kjøpte plassen. Her er me heilt i fred, saman med familien og vener, seier Sveinung.

Her kan han leva opp att litt av gutedagane, anten han fiskar, tek vare på dei gamle bygga i tunet, går tur eller berre let humla susa.


Framtida? Så korleis ser framtida til Sveinung Riber ut? Han er 60 år, har bytt ei hofte, og skal snart byta ei til. Han ser fram til å verta kvitt smertene og gå opp i stilling. I dag går han i halv jobb, og brukar­ andre halvparten på politikk og samfunnsengasjement. Jamvel om butikken går bra, rår han likevel ikkje etter­komarane å ta over familieverksemda.

- Grunnen til det er at dette er for mykje av ein livsstil og at det kan eta deg opp.

- Kva trur du om kampen vidare for K5?

- Eg trur bestemt at det ordnar seg. Det må det, men det kan verta eit heftig ordskifte, og me gjev oss ikkje.

- Kan du koma til å byta parti ein gong til, om det ikkje går vegen?

- Eg må kunna gje uttrykk for meininga mi, og til bygda eg er ein del av. Slik sett kan eg ikkje utelata noko, men eg har ikkje umiddelbare planar.

- Kva med å byta fotballag?

- Aldri! Du svik ikkje klubben din, seier Svingen.