annonse

Me søkjer nettansvarleg

Hordaland er lokalavis for Voss og nabobygdene. Med eit opplag på ca. 8000 er Hordaland den største lokalavisa i fylket. Me held til i eige avishus sentralt på Voss. For meir informasjon, sjå avisa-hordaland.no.

Voss er regionsenter i indre Hordaland med ca. 14.600 inn­byggjarar. Bygda er ei naturperle med gode moglegheiter til rikt og aktivt friluftsliv heile året. Kommunen er ein god stad å veksa opp og har eit breitt spekter av tilbod innan utdanning, kultur og idrett. Voss har eit variert næringsliv og mange sosiale møteplassar.

Me søkjer nettansvarleg i  to års vikariat med gode sjansar til fast tilsetjing.

Ein av våre journalistar skal ha permisjon for å vidareutdanna seg. Me søkjer etter god digital journalist med solid teft for nyhende og ynskje om å fortelja dei gode historiene. Den som vert tilsett vil gå inn som i stillinga som nettansvarleg. Du får ansvaret for oppdatering av nettsida, publiseringsplanar og fortløpande redigering av nettavisa. Du vert ein sentral person i Hordaland si satsing på nett.

  • Arbeidet vert utført i samarbeid med redaktør og dei andre journalistane.
  • Hordaland har 11 journalistar som alle leverer til nett og papir.
  • Kjennskap til video og live-sendingar er ein føremon.
  • Du må ha førarkort for personbil.
  • Målet vårt er nynorsk, og stødig og godt språk er ein føresetnad.
  • Hordaland kjem ut med papiravis tre dagar i veka, og publiserer dagleg på nett.
  • Den som vert tilsett går inn i vår vaktturnus.
  • Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkja.
  • Me ynskjer snarleg tiltreding.
  • Løn etter avtale.
  • Søknadsfrist 26. april.

Førespurnad om stillinga kan rettast til:

Redaktør Geir Geitle, tlf 404 19 953, eller

Klubbleiar Ørjan Brattetveit, tlf 416 23 262.

Skriftleg søknad med cv og evt. arbeidsprøvar kan sendast på e-post til:

gg@avisa-hordaland.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse