VINTERHOTELL: Den nye hotelldirektøren satsar på å selja opphald også til vintergjester i Ulvik. FOTO: Vidar Herre

Terje lever draumen som hotelldirektør

Direktøren jobbar lange dagar, høgt og lågt på hotella han er sjef for. Det er slik han vil ha det.

Publisert 12.03.2017 kl. 07.01.

Terje Kleveland kan kunststykket å køyra i halvannan time frå Øystese til Ulvik, i sleip mars-nysnø på smal og svingete veg, og helsa ein ventande journalist blidt og avslappa: Det tok litt lenger tid enn vanleg, ja!

46-åringen frå Molde er akkurat der han vil vera, som driftsdirektør på både Hardangerfjord Hotel i Øystese og Brakanes­ Hotel i Ulvik.

- Som 16-åring fekk eg prøva meg som kokkehjelp på ein liten restaurant i Molde. Etter det har det vore denne bransjen eg har hatt lyst å jobba i. Arbeidet­ på hotell er både eit kall og ein livsstil.

- Kvifor det?

Han har slått seg ned ved eitt av borda i inngangspartiet i kongresshallen i Ulvik. Bak han er det gjort klart til neste innrykk av kursgjester, om nokre dagar.

- Det er ein jobb der det ikkje er ein dag som er lik den andre. Alltid noko nytt som skjer. Og det er så enormt mange flotte personar å treffa. Arbeidsplassen er fleirkulturell, både når det gjeld gjestene og dei tilsette.

Det er den draumen. For Terje Kleve­land har det vore ein draum i mange år å få drifta eit hotell - eller fleire. Som heilt ung prøvde han ut maskin og mekanikk­ på vidaregåande. Seinare gjekk han servitørline­ på Åndalsnes og har arbeidd både som bartender, servitør og seinare i ulike administrative jobbar på hotell i Bergensområdet. Kafear og kantine har også vore prøvd, før han gjorde alvor av å sikta mot direktør­jobbar. På veg dit la han inn studium ved Handelshøgskulen.

AVVEKSLING: Fjellturar er fin avveklsing frå arbeidet for Terje Kleveland. Her utsynet frå Årkja, mot Skei i Jølster. Han satsar på å utforska fjella i Hardanger òg. PRIVATE FOTO

Fyrste sjefsjobben fekk han som direktør på Skei Hotel i Jølster, der han vart i 3,5 år. Så ein dag ringte Björn Kovacs, som driftar både Hardangerfjord Hotel og Brakanes Hotel. Hadde Terje lyst å hjelpa?

1. juli i fjor overtok han som drifts­direktør i Øystese, 1. november vart det utvida med ansvaret for Brakanes òg.

- Kvardagen handlar mykje om administrasjon. Men eg er og med i drifta, når det er behov for det. Arbeidsdagen strekkjer seg som regel frå ni om morgone­n og til ti-elleve om kvelden. Seks-sju dagar i veka. Men eg er innstilt på det, legg han forklarande til.

Å vera sjef på eit distriktshotell er elles ikkje heilt det same som å leia eit byhotell. Ved hotella han no leiar er det meir nødvendig å jobba på tvers av avdelingar, meiner han. Ved behov må han kunna hjelpa til der det trengst.

hyggelege hardingar. Før han vart direktør i Hardanger, kjende han om­rådet mest frå turar til Jondal - der eks-svigerforeldra hans er frå. Og dotter hans, Amalie, har ei oldemor som var frå Ulvik. Han trur det var frå ein stad på andre sida av sundet her, seier han, og nikkar i retning Hjeltnes.

SKULEGUT: Frå fyrste dag som skulegut.

Hotelldirektøren med røter frå Romsdal opplever tilsynelatande ikkje kulturforskjellar når han skal samarbeida med hardingar.

- Folk rundt her er imøtekomande og hyggelege. Eg har ikkje noko negativt å seia om dei! Eg har vorte godt motteken, eg synest eg jobbar godt saman med dei her, seier han.

- For dei tilsette her har det nok vore ei påkjenning med ei turbulent tid i det siste. Dei ynskjer seg ei meir stabil framtid.

Terje Kleveland er også interessert i det.

Direktøren er oppteken av å lokka endå meir trafikk til hotella han styrer i Hardanger. Då tenkjer han mest på lågsesongen.

Sommaren sel. - Det er ikkje noko problem å selja sommarsesongen, det er enormt stor etterspurnad etter rom frå mai og ut september. Men lågsesongen er det veldig tomt, då treng me meir trafikk.

Kleveland har tru på at det skal vera mogeleg å henta inn fleire gjester til kurs og konferansar, frå resten av fylket­. Kanskje er det i ferd med å losna att, etter at oljekrisa slo inn. Målet er ikkje uventa at hotellet skal kunna auka omsetninga framover, og med det sikra viktige­ arbeidsplassar i bygdene.

17. MAI: Fireåringen feirar nasjonaldagen.

- Det er eit langsiktig arbeid, det skjer ikkje over natta, seier Kleveland.

Han ser føre seg at han skal vera med på dette arbeidet i Hardanger ein god del år framover.

Dei som kjem til Brakanes vil mot sommarsesongen koma til eit hotell med ein del nyrenoverte rom. I kongresshallen vil også ein del fornyingar visa att. Teppe skal skiftast, nye bord og stolar skal inn, seier direktøren.

Lokal mat og drikke skal vera eit satsingsområde­ på hotella han styrer, og han håpar på samarbeid med lokale produsentar i Ulvik, langs Siderruta, til dømes. Brakanes Hotel skal også vera ein del av Cittaslow-arbeidet, der heradet­ mellom anna legg vekt på å ta vare på mangfaldet og særpreget til Ulvik.

positiv til seawalk. I bygda har diskusjonen­ om SeaWalk gått høgt i seinare tid. Planane om ein flytande gangveg til cruiseskip er under utarbeiding, etter ynske frå investorar.

- Eg ser ikkje negativt på det. Det kan verka positivt for både bygda og hotellet. Tilboda i Ulvik kan verta meir attraktive, og det er mange døme på at gjester som kjem med cruiseskip kjem att som hotellgjester seinare.

FOTO: Vidar Herre

Kleveland ser også at det kan vera negative­ sider ved ein slik samanleggbar kai, og han er ikkje godt nok kjent til at han vil uttala seg om dei ulike alternativa som er vist for plassering av kaien.

Hotelldirektøren er på denne tida også oppteken av å rekruttera arbeidskraft til sommarsesongen. Norsk arbeidskraft er vanskeleg å få tak i, men Brakanes har ein fast stab av utanlandske sesongarbeidarar som kjem att fleire år på rad. Han vil vera sjef for tilsette frå Marokko­, Polen, Litauen og Thailand, nemner han som døme. Det gjev han sjansen til å verta kjend med deira kultur, og han kan hjelpa til med å få dei intergrert i det norske samfunnet.

Med reiseliv som arbeidsområde er det inga overrasking at han sjølv også er glad i å reisa.

- Den neste ferien går til Asia. I påsken skal eg på tre dagars kokkekurs i Thailand, smiler han.

Jobben ligg nok også i bakhovudet når han sjekkar ut ulike hotell og ulike kulturar, på reise. Det kan dukka opp nye idear å ta med heim.

- Den asiatiske marknaden gjer seg stadig meir gjeldande, og det kan vera idear og konsept å ta med seg derifrå og hit. Men dei driftar nok litt annleis enn me gjer i Noreg, seier han.


Han reiser rundt på eiga hand, og har ei rekkje andre land og område han også har lyst å gjera seg kjent med.

- Når ein står på og jobbar så mykje som eg gjer, er det greitt å reisa litt langt bort, for å få fri.

POsitiv til musikk. Sist helg var det bluesmusikk for alle pengane, på hotellet i Ulvik.

- Det var ei hyggeleg helg! Eg er alt­etande når det gjeld musikk, og om fire veker er det rock'n'roll og fullt på huset her.

Han ser ingen grunn til å leggja om på desse planane, dette er arrangement som skal utviklast vidare, understrekar han. Kanskje går tankane til kva ein festival kan bety for både gjestetal og omdømme, etter oppveksten med Molde­jazz som eit årleg innslag.

Ute lavar snøen framleis ned denne dagen. Direktøren har roleg avvist fleire oppringingar.

- Folk som kjenner meg seier at eg ikkje er så lett å erta opp. Det skal mykje til før eg tenner på alle pluggane. Dei vil nok òg seia at eg stiller opp for dei rundt meg, og at eg nesten aldri seier nei.

Skulle du derimot be han ta på seg ein heilt annan jobb, ville han nok avvist det.


- Det har vore draumen min i mange år å få drifta hotell. Det er ein jobb eg trivst med, så eg kunne aldri tenkt meg å byta yrke.