FAMILIEKORPSET: Bestefar Tor (80) har teke fram tromma frå skåpet, og spelar i lag med Thea (11) for fyrste gong. - Veldig kjekt at ho vil gå i korps slik som eg gjorde, seier han.

Thea (11) og bestefar er heilt korpsfrelste

Tor (80) har vore med i Voss skulemusikk heilt sidan 40-talet­. No tek barnebarnet Thea (11) arven vidare.

Publisert 16.03.2017 kl. 18.40. Oppdatert kl. 19.52.

- Det er stor skilnad på lyd og tone, seier Tor Bryn (80).

- Og det krev mykje øving å vera med i korps. Det er om å gjera å halda ut når det vert litt motstand!

KORPS I FAMILIEN. No er det akkurat 70 år sidan Tor byrja å spela trommer i Voss Gutemusikk. Då var han elleve år, like gammal som barnebarnet Thea er i dag. No har Thea nett starta som aspirant i Voss Skulemusikk, som er det korpset heiter i dag. Ho spelar kornett.

- Eg tykte det var utruleg kjekt at Thea også ville spela i korps. Eg har hatt utruleg mykje kjekt med det i løpet av livet, seier Tor.

Denne helga feirar Voss skulemusikk med ein storslått konsert at det er 70 år sidan korpset starta opp. Dette vert den fyrste konserten til Thea. Og bestefar skal sjølvsagt koma og høyra på.

- Eg er ikkje nervøs. Enno. Men eg vert det kanskje, seier Thea.

SKUMMEL OPPTAKSPRØVE. Då Thea byrja i korpset i haust, fekk ho valet om ho ville spela kornett eller baryton.

- Eg valde kornett fordi han var lettast å bera. Og fordi han er lettare å spela på. Trur eg, seier ho.

FYRSTE BILETET: Biletet av Voss gutemusikklag og Voss musikklag er teke 17. mai 1948. Tor er den vesle guten som står heilt framme med trommestikker i handa.

Etter at ho hadde valt seg eit instrument, vart ho medlem av korpset. Så lett var det ikkje då bestefar Tor skulle inn i gutemusikken i 1947.

- Då gutemusikken starta opp, måtte me som ville vera med stilla opp på ein opptaksprøve. Opptaksprøven var på Voss gymnas, og det sat fem vaksne karar frå musikklaget som skulle døma oss. Som liten elleveåring var eg rett og slett dritnervøs! seier Tor og ler.

Tor måtte syngja for dei fem mennene, for dei ville høyra om han hadde gehør. Han valde å syngja «Ja, vi elskar».

- Og så kom beskjeden om at eg ikkje hadde kome inn! Eg vart utruleg skuffa. Og dette ville ikkje mor mi godta, for ho var faktisk endå meir gira på dette enn meg. Ho kjende heldigvis dirigenten, og trekte i litt trådar. Vipps - så var eg med!

BLES FOR HARDE LIVET. Det er ikkje berre lett å læra seg eit nytt instrument. Det fekk Thea erfara då ho byrja i korpset i haust.

- Eg stod inne på rommet mitt, og blåste og trykte alt eg hadde. Men det kom jo nesten ingen lyd! Det var utruleg vanskeleg, seier ho.

KORNETT: - Eg valde kornett fordi den var lettare å bera enn baryton, seier Thea.

No byrjar ho å få lyd i kornetten. Men noko av det vanskelegaste er å laga lyd utan å laga bollekjakar.

- Det er ikkje lov. Lufta må koma frå nede i kroppen, ikkje inne i kjakane. Tenk om alle i korpset skulle spelt konsert med bollekjakar, då trur eg publikum hadde ledd seg i hel!

TROMME-BRØLARAR. Tor hugsar også godt korleis det var å vera heilt fersk i korpset.

- Om ein spelar feil på trommene, så vert det meste feil. I tillegg var det utruleg mykje venting. I fleire nummer var det lenge mellom kvar gong eg skulle spela. Men eg måtte likevel telja takter, for plutseleg skulle eg inn att! Det vart nokon brølarar, særleg i byrjinga, seier han og ler.

Då Tor var liten, gjekk han til korpsøvingane med tromma under armen. Frå Palmafossen til Vangen. Det kunne by på problem, særleg om det regna.

- På den tida var trommene laga av kalveskinn, og ikkje plast som i dag. Tromma tolte ikkje regn, og seig saman når ho vart våt. Dette var også før det var vanleg å bruka plast, så me fekk ikkje dekt dei til. Ein gong skulle eg turka tromma mi, og eg la henne på kokeplata. Det enda med at heile greia sprakk. Det gjorde eg aldri igjen, for å seia det slik!

SMÅTROMME: - Då eg byrja i gutemusikken, trong dei ein på småtrommer. Derfor vart det slik, seier Tor.

BØRSTA STØVET AV TROMMA. Thea vart veldig overraska då ho høyrde at bestefar også spelte i korps.

- Eg visste faktisk ikkje om det! Eg kan ikkje heilt sjå det for meg, seier ho og ler.

Tor heldt fram med å spela trommer i korps gjennom heile livet, og han spelte også fleire år i Fossegrimen. No tek han fram att tromma, som har lege i skåpet i fire år. Plutseleg er han ein liten gut att, og trommestikkene går raskt i vante takter. Thea slengjer seg med, og spelar nokre tonar på kornetten.

- Eg kan verta med i aspirantkorpset ditt no, Thea!

BESTEFAR ER ALLTID MED. Thea slepp heldigvis å gå på korpsøving slik som bestefar måtte. Kvar dag kjem bestefar og hentar henne, og køyrer henne på korpsøving. Men fyrst må ho spela ein liten song for han.

- Eg må jo fylgja litt opp. Det har liksom blitt mi oppgåve no. Det er veldig koseleg.

Sidan bestefar er ferdig med korpslivet, har Thea fått overta notestativet hans. På det står det «T. Bryn».

- Det passar perfekt til oss begge to, seier ho.