SPANIA NESTE: Emma Støyva har hospitert med toppserielaget Sandviken sidan november. Her i kamp for Fbk Voss mot Åsane. FOTO: ØRJAN BRATTETVEIT

Til La Manga med Sandviken

Emma Støyva vert med toppserielaget Sandviken på treningsleir i Spania.

Publisert 18.03.2017 kl. 18.30. Oppdatert kl. 07.38.

- Dette vert skikkeleg spennande, seier 19-åringen.

Sidan november har ho trena med Sandviken ein gong i veka.

- Planen er at eg skal spela for Voss også denne sesongen. Men eg lærer mykje av å vera med på treningar med toppseriespelarar, seier Emma Støyva. 19-åringen som er fotballelev ved Voss gymnas, merkar stor skilnad på toppserien og kvardagen i Fbk Voss.

- Tempoet er den største skilnaden. Alt går så mykje fortare i Sandviken.


«Spennande spelar»

Det var trenar og lærar Per Kristian Ødegaard som ordna hospiteringa etter å ha snakka med Sandviken-trenar Øyvind Nordtveit.

- Emma er ein spennande spelar som eg håpar kan bidra for oss om nokre år. Me har ingen planar om å henta henne no, men me vil fylgja henne tett i åra som kjem, seier Øyvind Nordtveit. At han tek vossingen med til treningsopphald i Spania, er litt tilfeldig.

- Me fekk ein ledig plass, og då spurde me Emma om ho ville vera med, forklarar Nordtveit. Laget reiser til Spania komande onsdag og vert ei veke.

- Me skal trena to økter for dagen. Og me skal spela treningskampar mot Trondheims-Ørn og Grand Bodø. Emma får truleg prøva seg i ein av kampane.

Nordtveit meiner Emma Støyva har gode basisferdigheiter.

- Ho er trygg i vala sine og ein god allroundspelar. Ho har eit godt utgangspunkt til å bli ein toppseriespelar. Men ho må bli råare i spelestilen. Ho må ta litt gjennombrotsval og ha meir driv over spelet, seier Nordtveit.

Trenar for Fbk Voss sitt damelag Per Kristian Ødegaard har sett nokre av treningane Emma har gjennomført med Sandviken. Og han ser utviklinga hennar på Voss sine treningar.


- Emma har lært mykje. Det merkar eg godt på treningane våre. Eg synest det er kjekt for Emma, skulen og klubben at ho får denne sjansen. Og skulle det verta aktuelt med overgang, er me sjølvsagt glade på hennar vegne, seier Ødegaard.


Vossaklubb

Sandviken har mange linkar til Voss. Nordtveit var sjølv lærarar ved Voss gymnas og trenar til A-laget til Fbk Voss. Vossingane Daniel Andreassen og Stine Andreassen er høvesvis assistenttrenar og spelarutviklar. Og midtstoppar Laila Himle melde i fjor haust overgang frå Avaldsnes til Sandviken.

- Me har eit særs godt forhold til Voss. Og i år er me spesielt glade for å ha Laila Himle med oss. Ho viser gode takter på treningane, seier Øyvind Nordtveit.