Tur frå Finden til Solrenningen
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
GARDSSLAKTERI: Jonny Bøe slaktar kalv, medan Ragnhild Askeland Bøe frå Mattilsynet fylgjer med. - Gardsslakteri er ideelt for dyret sin del, seier ho. GEIR GEITLE | tekst og foto
Publisert: 19.11.08 kl. 15.59
Skribent: Geir Geitle
E-post: gg@avisa-hordaland.no
Voss Gardsslakteri på Selheim er i gang. Dermed er første gardsslakteriet i Hordaland fylke opna.
Gardbrukar og slakterieigar Lars Selheim seier at dyreetikk og kjøtkvalitet er viktige ingrediensar i storsatsinga.
Slaktar Jonny Bøe er imponert.
- Dette er heilt supert. Du får det ikkje betre med dyrevelferd og kvalitet, rosar slakteveteranen etter å ha slakta både kalv og gris første dagen.
46-åringen har slakta i 30 år, sidan han starta på Geitle som 16-åring. Hans vurdering er heilt klar: Dette er beste måten å slakta dyr på.
- Det vert veldig roleg. At bonden sjølv leier dyret inn på slakteriet i staden for ein vilt framand person, er betre, seier Bøe.
Som barn var han redd svære dyr. Men så hadde han ein nabo som arbeidde på Geitle og sa dei trong folk. 16 år gamle Jonny Bøe tok utfordringa, og sidan har han jobba på slakteri og stige i gradene.
Bøe har på grunn av sin mangeårige fagkunnskap vore sterkt involvert i utforminga av slakteriet på Selheim. Men helsa tillet ikkje at han kan vera med på fast basis vidare.
Etter å ha handtert tusenvis av andre sine oksar på slaktehus gjennom åra, vart han teken av ein okse heime hjå seg sjølv for ei tid sidan. Etterpå har han vore delvis ufør.
- Det er av sine eigne ein skal ha det, kommenterer Bøe som iallfall ikkje har mista humøret.

KORT VEG: Bonde og slakterieigar Lars Selheim har kort veg med slaktedyra. Han fraktar kalven frå fjøset rett attmed og tek han sjølv inn på gardsslakteriet.
VOSS: Onsdag kveld har nokon tømd ein konteinar full av klede hjå Fretex. / Les saka
VOSS: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg overrekte tysdag diplom og 50.000 kroner til prisvinnarane frå Ulvund. / Les saka
VOSS: Utrykkingspolitiet stilte seg opp ved brannstasjonen i Hardangevegen i ettermiddag. På ein time hadde ti bilførarar fått gebyr for ikkje å ha brukt bilbelte. / Les saka
NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka
VOSS: Litt skyer onsdag og torsdag, men oppklaring frå fredag. Og for helga ser det verkeleg bra ut, sol og fint, opplyser Knut Sætre ved Vêrvarslinga på Vestlandet. / Les saka
VOSS: Frå sist fredag og ut denne veka, kjem Statens Vegvesen til å gjennomføra ein landsomfattande kampanje for bruk av bilbelte, / Les saka
Tips oss: 4747 1883
E-post: tips@avisa-hordaland.no
Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka
Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka
23. august var det ein fin dag og sola gjekk ned i 21-tida - i ein fantastisk solnedgang over Hamlagrøfjella og vatnet. / Les saka
Dette biletet er teke frå Hjelle / Les saka