Tur frå Finden til Solrenningen
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
FEMDOBLING: I vinter hadde Voss Fjellandsby 3.500 gjester på det meste, og totalt kaos i trafikken. No ynskjer Nils Akselberg seg fire gonger så mange gjester! SJUR HERRE | foto
Publisert: 13.11.08 kl. 19.48
Skribent: Rolf Tepstad
E-post: rt@avisa-hordaland.no
Innan 15-20 år skal Voss Fjellandsby ha kapasitet for 14.000 gjester i alpinløypene.
Desse dristige vyane kom fram i formannskapet torsdag, då Nils Akselberg presenterte konklusjonane frå den nye kommunedelplanen for Myrkdalen..
- Alle innbyggjarar i Voss kommune skal med andre ord kunna stå på alpinski i Myrkdalen, samstundes?
- Jadå, det er planen. Og det trur me på, seier Voss Fjellandsby sin daglege leiar til «Hordaland».
Framlegget til kommunedelplan er ikkje heilt i mål enno, Akselberg reknar med å kunna levera dokumentet til administrasjonen i Voss kommune kring 1. desember. I så fall kan den politiske handsaminga starta alt på formannskapsmøtet 18. desember, har han fått lovnad om.
Og det er ikkje småtteri av vyar innbakt i denne planen, fekk formannskapet vita, då Akselberg letta på sløret torsdag.
- Ser me heile Myrkdalen under eitt, vil me leggja opp til 2.600 einingar i alt, når hytter, fritidsbustader og anna er rekna saman. Dette skal gje ein plass tett oppunder 14.000 senger totalt, sa Akselberg, medan politikarane trekte pusten.
- Totalt vil me dermed kunna ha opp mot 19.000 gjester i Myrkdalen på ein og same dagen. Så mange vil me ha kapasitet for, med Myrkdalstunnelen på plass og dei nye parkeringsplassane som er planlagt. Dette realistisk. Om ikkje i dag, så i ei ikkje alt for fjern framtid. Lat oss seia i eit 20-års perspektiv!
- Godt med litt Beatles-musikk her i salen, var Atle Bilsback (Ap) sin kommentar. - No har me alt for lenge berre høyrt Skjebnesymfonien!
VOSS: Onsdag kveld har nokon tømd ein konteinar full av klede hjå Fretex. / Les saka
VOSS: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg overrekte tysdag diplom og 50.000 kroner til prisvinnarane frå Ulvund. / Les saka
VOSS: Utrykkingspolitiet stilte seg opp ved brannstasjonen i Hardangevegen i ettermiddag. På ein time hadde ti bilførarar fått gebyr for ikkje å ha brukt bilbelte. / Les saka
NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka
VOSS: Litt skyer onsdag og torsdag, men oppklaring frå fredag. Og for helga ser det verkeleg bra ut, sol og fint, opplyser Knut Sætre ved Vêrvarslinga på Vestlandet. / Les saka
VOSS: Frå sist fredag og ut denne veka, kjem Statens Vegvesen til å gjennomføra ein landsomfattande kampanje for bruk av bilbelte, / Les saka
Tips oss: 4747 1883
E-post: tips@avisa-hordaland.no
Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka
Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka
23. august var det ein fin dag og sola gjekk ned i 21-tida - i ein fantastisk solnedgang over Hamlagrøfjella og vatnet. / Les saka
Dette biletet er teke frå Hjelle / Les saka