Tur frå Finden til Solrenningen
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
Foto: Stian Breivik
Publisert: 02.06.09 kl. 12.05
Skribent: Anne Rivenes
E-post: ar@avisa-h.no
Politiet på Voss får assistanse av krimteknikarar frå Bergen i leitinga etter brannårsaka i Voss Gåveforretning.
- Det er eit lite mysterium korleis brannen har starta, seier brannsjef David Skjerven. Heller ikkje politiet har førebels noko klar meining om brannårsaka.
Klokka kvart på ni måndag kveld fekk brannvesen og politi melding frå forbipasserande at det var røyk inne i Voss Gåveforretning. Då brannvesenet kom til staden, var det stor røykutvikling i butikken.
- Brannen har starta i kjellaren, og det har truleg ulma lenge før det byrja å brenna oppover i etasjeskiljet. Der var det eit tjukt lag sagmugg, så brannen var vanskeleg å få tak i, seier brannsjef Skjerven. Han takkar det nye utstyret, det varmesøkjande kameraet og skjeresløkkjaren, for at sløkkearbeidet vart så effektivt.
Politiet på Voss etterforskar brannen.
- I morgon vil brannteknikarar frå Bergen saman med våre teknikarar undersøkja åstaden, seier politiførstebetjent Einar Bystøl.
I dag skal det gjennomførast ei rekkje avhøyr.
- Kven skal de snakka med?
- Det vert ulike vitne og innehavaren av forretninga, seier Bystøl.
- Mistenkjer de at brannen kan vera påsett?
- Det har me ingen haldepunkt for å seia, svarar politiførstebetjent Bystøl.
VOSS: Onsdag kveld har nokon tømd ein konteinar full av klede hjå Fretex. / Les saka
VOSS: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg overrekte tysdag diplom og 50.000 kroner til prisvinnarane frå Ulvund. / Les saka
VOSS: Utrykkingspolitiet stilte seg opp ved brannstasjonen i Hardangevegen i ettermiddag. På ein time hadde ti bilførarar fått gebyr for ikkje å ha brukt bilbelte. / Les saka
NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka
VOSS: Litt skyer onsdag og torsdag, men oppklaring frå fredag. Og for helga ser det verkeleg bra ut, sol og fint, opplyser Knut Sætre ved Vêrvarslinga på Vestlandet. / Les saka
VOSS: Frå sist fredag og ut denne veka, kjem Statens Vegvesen til å gjennomføra ein landsomfattande kampanje for bruk av bilbelte, / Les saka
Tips oss: 4747 1883
E-post: tips@avisa-hordaland.no
Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka
Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka
23. august var det ein fin dag og sola gjekk ned i 21-tida - i ein fantastisk solnedgang over Hamlagrøfjella og vatnet. / Les saka
Dette biletet er teke frå Hjelle / Les saka