Tur frå Finden til Solrenningen
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
KULEJENTER: Kari Traa Skilag står for laurdagsunderhaldninga kl. 18.30 fire veker framover. Vossajenta Gunnhild Rokne Altenau (liggjande framme i midten) er forteljar i serien. FOTO: NRK
Publisert: 23.10.08 kl. 00.10
Skribent: Ørjan Brattetveit
E-post: obr@avisa-hordaland.no
Fire veker framover vil Gunnhild Rokne Altenau frå Voss vera ein del av laurdagsunderhaldninga på NRK1.
Eg både gler og kvir meg til serien startar på laurdag, seier jenta som snart fyller 16 år.
Serien «KuleJenter» startar førstkomande laurdag kl. 18.30 på NRK1. Serien fylgjer Kari Traa Skilag gjennom to år, frå etableringa i 2006, på samlingar og på renn både i Noreg og i utlandet og fram til avslutninga av Nordisk cup vinteren 2008.
Gunnhild er i dag einaste vossajente som er med på laget, men fleire av jentene går på toppidrettslina på Voss Gymnas. I alt er det 15 jenter på laget.
Gunnhild er forteljarrøysta under serien.
Klikk her for å sjå "teaser" frå NRK om den nye serien
– Eg har sett alle fire episodane på førehand, og eg trur absolutt det vert god underhaldning, spesielt for dei yngste. For min del synest eg det er nokre scener tvfolka kunna ha kutta ut, seier Gunnhild og byrjar å le.
Ho vil ikkje fortelja meir om desse scenene. – Talentfull Kari Traa dukkar sjølvsagt opp på TV-skjermen titt og ofte i desse programma.
– Dette handlar om jentene, ikkje om meg. Men eg er jo med, smiler Kari Traa og er rask med å rosa Gunnhild Rokne Altenau.
– Gunnhild er jo reine skodespelaren. Det var NRK-folka som valde henne som forteljar. Ho er alltid blid, har humor og så har ho vossadialekt.
VOSS: Onsdag kveld har nokon tømd ein konteinar full av klede hjå Fretex. / Les saka
VOSS: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg overrekte tysdag diplom og 50.000 kroner til prisvinnarane frå Ulvund. / Les saka
VOSS: Utrykkingspolitiet stilte seg opp ved brannstasjonen i Hardangevegen i ettermiddag. På ein time hadde ti bilførarar fått gebyr for ikkje å ha brukt bilbelte. / Les saka
NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka
VOSS: Litt skyer onsdag og torsdag, men oppklaring frå fredag. Og for helga ser det verkeleg bra ut, sol og fint, opplyser Knut Sætre ved Vêrvarslinga på Vestlandet. / Les saka
VOSS: Frå sist fredag og ut denne veka, kjem Statens Vegvesen til å gjennomføra ein landsomfattande kampanje for bruk av bilbelte, / Les saka
Tips oss: 4747 1883
E-post: tips@avisa-hordaland.no
Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka
Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka
23. august var det ein fin dag og sola gjekk ned i 21-tida - i ein fantastisk solnedgang over Hamlagrøfjella og vatnet. / Les saka
Dette biletet er teke frå Hjelle / Les saka