Tur frå Finden til Solrenningen
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
JA: 67 pst av dei som røysta i Modalen seier ja til å ta mot eksingedølene, konstaterer ordførar Knut Moe, Ove Eidsnes, Steinar Nordaas og Kari Mo, då røystene vart opptalde måndagskvelden. Foto: Jan-Egil Dyvik
Publisert: 14.09.09 kl. 19.21
Skribent: Jan Egil Dyvik
E-post: jed@avisa-hordaland.no
Eit klart fleirtal av modalingane seier jatakk til å ta mot naboane frå Eksingedalen - det vart 133 stemmesetlar med Ja - og 66 med Nei - eller 67 pst ja- og 33 pst nei-røyster.
Av dei 258 røysteføre i dalen, har altså 199 nytta røysteretten sin - eller 77,1 pst som røysta.
- No har folket sagt sitt, og saka skal opp i kommunestyret torsdag. Då skal dei folkevalde seia sitt, men eg ventar nok at når rådet frå folket er så klart, så vil me nok det vega tungt, seier ordførar Knut Moe i ein kommentar til resultat.
- Sjølv om eg er skeptisk til ei grensejustering, så er eg likevel glad for at resultatet vart så pass klart. Det er noko enklare å forhalda seg til eit såpass klart råd frå folket som dette, enn om det til dømes hadde vore vel 50 pst som hadde røysta for, seier Moe vidare.
Denne saka har mange sider, og Moe har full respekt for dei som meiner noko anna enn han, seier han.
I Vaksdal, der det også er folkerøysting om grensejustering, held dei framleis på å telja røystene til stortingavalet. Resultata frå krinsane i Vaksdal, vil først vera klar rundt kl 22.30, får me opplyst.
Me kjem tilbake med meir seinare i kveld.
VOSS: Onsdag kveld har nokon tømd ein konteinar full av klede hjå Fretex. / Les saka
VOSS: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg overrekte tysdag diplom og 50.000 kroner til prisvinnarane frå Ulvund. / Les saka
VOSS: Utrykkingspolitiet stilte seg opp ved brannstasjonen i Hardangevegen i ettermiddag. På ein time hadde ti bilførarar fått gebyr for ikkje å ha brukt bilbelte. / Les saka
NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka
VOSS: Litt skyer onsdag og torsdag, men oppklaring frå fredag. Og for helga ser det verkeleg bra ut, sol og fint, opplyser Knut Sætre ved Vêrvarslinga på Vestlandet. / Les saka
VOSS: Frå sist fredag og ut denne veka, kjem Statens Vegvesen til å gjennomføra ein landsomfattande kampanje for bruk av bilbelte, / Les saka
Tips oss: 4747 1883
E-post: tips@avisa-hordaland.no
Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka
Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka
23. august var det ein fin dag og sola gjekk ned i 21-tida - i ein fantastisk solnedgang over Hamlagrøfjella og vatnet. / Les saka
Dette biletet er teke frå Hjelle / Les saka