Levande bjørk i vinterkulda
Det er 25 minus og sylklar morgon ved Djukastein på Bulken. / Les saka
Oppdatert: Torsdag 11.03.2010 10:56
FAST SURFEPUNKT: 44 prosent av alle vossingar sjekkar no «Hordaland» si heimeside regelmessig, viser ei måling frå Respons. Sida er dermed meir populær enn vg.no. FOTO: DANIEL MELVE KVARME
Fleire vossingar slår opp «Hordaland» si heimeside på internett enn VG si, viser ei fersk måling frå Respons Analyse.
Og vg.no er i fylgje ulike målingar heimesida med størst trafikk totalt i Noreg.
Av 600 spurde vossingar (over 18 år) svara 44 prosent at dei hadde vore innom heimesida vår siste to dagar. VG skåra til samanlikning 40 prosent. Me sjekka også trafikken på to andre lokale heimesider, og oppdaga at Svein Ulvund er langt meir populær enn Voss kommune. Heile 23 prosent av dei spurde hadde vore innom Ulvund-sida, medan berre 14 prosent hadde søkt kommunal informasjon dei same to dagane.
Ved ei tilsvarande måling i 2007 var det berre 17 prosent som hadde sjekka «Hordaland» si heimeside dei siste to dagane. Utviklinga har såleis gått i rakettfart.
Vår ferske måling viser i tillegg at internett er kome til dei aller fleste heimane på Voss. Totalt har no 86 prosent av dei spurde heime-pc med nett-tilgang, dei 14 siste prosentane er stort sett å finna i aldersgruppene over 60 år.
Ved ei tilsvarande måling i 2007 hadde 77 prosent internett i heimen. Den gong hadde mindre enn annankvar vossing på over 60 år eigen pc. Det er såleis her i eldste alderssjiktet den store endringa skjer.
Fylkesveg 572 mellom Ulvik og Bruravik er framleis stengd som fylgje av stor rasfare. Statens vegvesen valde onsdag kveld å stengja den rasutsette fylkesvegen mellom Ulvik og Bruravik. / Les saka
Ein lastebil frå Voss Bilberging var på bergingsoppdrag då han brått trong hjelp sjølv onsdag kveld. / Les saka
VOSS: Torsdag 18. mars vert det for første gong høve å stilla direkte spørsmål til dei folkevalde på Voss. / Les saka
Tips oss: 4747 1883
E-post: tips@avisa-hordaland.no
Det er 25 minus og sylklar morgon ved Djukastein på Bulken. / Les saka
Det er ein klar og kald morgon den 1.3 mars 2010 kl 7.30. / Les saka
Strålande sol, knallblå himmel, rimfrost på trea og mykje snø, nett slik me ynskjer det til påskeferien, men det er kaldt. / Les saka
24. februar var det ei nytt snøfall og fullt kaos på vegane i Bergen. / Les saka
Den stabile vinteren har gjeve eventyrlge forhold for skiturar no i om lag to månader. / Les saka