«Vandrarheimar uroa over Englands-kutt»

FÆRRE UTLENDINGAR: Sjølv om Voss Vandrarheim hadde eit godt år i fjor, mista dei over 1300 utanlandske gjestedøger. Ei av årsakene er mindre transporttilbod frå utlandet og inn til Vestlandet. ARKIVFOTO: ALF-HAAKON HARLEM

Vandrarheimar uroa over Englands-kutt

Publisert: 25.03.09 kl. 14.13
Skribent: Geir Geitle
E-post: gg@avisa-hordaland.no

- Me er svært bekymra for manglande båtsamband England-Bergen og nedlagd flyrute Newcastle-Bergen, seier Egil Drange i Norske Vandrerhjem Region Vest. Voss Vandrarheim merkar alt vanskane.

Voss Vandrarheim har hatt britiske skuleborn som skituristar gjennom 35 år. Men denne vinteren har færre engelske born vitja Voss.

Uvissa hindra engelske skuleborn

- Årsaka er at direkteflyet mellom Newcastle og Bergen er lagt ned. Turoperatøren for skuleborna i Nord-England fekk i siste liten sett opp nokre charterfly. Men uvissa gjorde at færre skuleborn melde seg på turen, seier Knut Finne, dagleg leiar ved Voss Vandrarheim til «Hordaland».

Vandrarheimane på Voss og på resten av Vestlandet hadde i fjor vekst i talet på norske gjester - men svikt i talet på utanlandske gjester.

2008 var likevel eit av dei beste åra dette årtusenet samla sett for vandrarheimane.

Vestlandet vanskelegare tilgjengeleg

Egil Drange i Norske Vandrerhjem poengterer at reduksjon i transporttilbodet gjer Vestlandet vanskelegare tilgjengeleg.

- Heile reiselivsnæringa på Vestlandet vil kunna bli kraftig straffa på grunn av dette, meiner Egil Drange.

Som kjent vart Englandsbåten lagd ned i september i fjor.

- Det som har skjedd med båtruta Bergen-Newcastle har skjedd utan reiselivsnæringa eller andre sitt store engasjement. Då Englandsruta vart lagd ned i byrjinga av 1980-åra, var det reiselivsnæringa som gjennom ein storstila dugnad fekk reetablert ruta. Ei slik dugnadsånd synest ikkje å eksistera i dag, slår regionstyret i Norske Vandrerhjem Region Vest fast.

- 2009 blir spennande

Knut Finne i Voss Vandrarheim seier at 2009 blir eit spennande år. - Då får me sjå korleis finanskrisa slår ut for reiselivet, seier han.

Interaktivt

Mest lest

Mest tipsa

Siste frå våre biletgalleri

  • Sjå Goa'badne
  • Eigedom
  • Stilling ledig

Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet

Smått og stort

Bilete til saka «Tur frå Finden til Solrenningen  »

Tur frå Finden til Solrenningen

Finden er ein liten idyll  på sørsida av Sognefjorden. / Les saka

FRAMTIDA: Utviklargruppa ve ABC Startsida som har laga Framtida.no, frå venstre Viggo Normann, Amy Vidler, Anton Babenko, Svein Olav B. Langåker, Dagfinn Reierstøl og Bård Øien. Foto: Tina Jacobsen, ABC Startsida.

Framtida.no: Nyhende- og debattavis for unge

NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka

Bilete til saka «Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset»

Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset

Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka

Bilete til saka «Solnedgang over Hamlagrøvatnet»

Solnedgang over Hamlagrøvatnet

23. august var det ein fin dag og sola gjekk ned i 21-tida - i ein fantastisk solnedgang over Hamlagrøfjella og vatnet. / Les saka

Bilete til saka «Frå Farne Tider»

Frå Farne Tider

Dette biletet er teke frå Hjelle / Les saka

Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq AS © 2010 produkt