TILSKOT 1: Kjøper du el-sykkel og er rask med å søkja, kan du få 3000 kroner frå kommunen sine midlar til klima- og miljøtiltak. Her frå kommunen si tidlegare utlånsordning, med Bjørg Nesheim på setet.FOTO: GEIR GEITLE

Tusenlappar til gode klimatiltak

Måndag startar kappløpet om kommunale tilskotskroner for gode klima- og miljøtiltak.

Publisert 17.03.2017 kl. 19.25. Oppdatert kl. 19.28.

Plan- og miljøvernsjef Gunnar Bergo lokkar med fleire nye tilskot.

- Me har 415.000 kroner til klimatiltak, inklusive midlane som ligg i klimaplanen. Og som vanleg er det prinsippet om fyrst til mølla som gjeld, Det er tydeleg at tilskotsordningane har vore populære, for me har hatt ventelister kvart år, seier Bergo. Enkle søknadsskjema kan lastast ned frå nettet, men du kan også få slike skjema i kundetorget i tinghuset. Ferdig utfylte skjema må uansett leverast der, for dei skal påførast eit nummer som syner korleis du ligg an i kampen om tilskotskronene.

TILSKOT 2: Framleis køyrer altfor mange vossingar med piggdekk. Skiftar du til piggrfritt, kan du få 3000 kroner i tilskot frå kommunen.

Kjende ordningar

Voss kommune har i fleire år hatt ei tilskotsordning for innbyggjarar som ynsjker å skifta ut gamle ved- eller oljeomnar. Skifter du til nye reintbrennande vedomnar, kan du få 3.000 kroner i kommunalt tilskot. Det same gjeld fjerning av oljetankar som ligg nedgravne i hagane kringom.

- Desse tilskota vidarefører me, og sakte men sikkert ser me at det hjelper. Omnar med ny reintbrennande teknologi, turr ved og rett fyring hjelper på luftkvaliteten i bygda. I tillegg er det eit godt brannverntiltak å skifta til nye omnar, seier Bergo.


Nye godbitar

Voss kommune har hatt ei ordning med utlån av el-syklar. I år går ein steget vidare, og det gjer kommunen ved å gje 3.000 kroner i tilskot til dei som kjøper seg el-sykkel. Ei anna tilskotsordning som er ny av året er at alle som leverer inn sine gamle piggdekk og skifter til piggfrie dekk, kan få 3.000 kroner i tilskot. Også for desse ordningane er det fyrst til mølla-prinsippet så gjeld, så lenge det er kroner att til fordeling.

- Framleis er det bortimot 80 prosent av vossingane som køyrer med piggdekk, og dette talet må ned. Svevestøvet er eit stort problem, og her er piggdekka den største syndaren.


Dokumentasjon

Felles for alle tilskotsordningane er at dei som vil sikra seg tusenlappane må dokumentera at dei har gjort kva gjerast skulle. Ikkje ei krone vert delt ut før slik dokumentasjon føreligg. Når det gjeld utskifting av omnar er det brannvernet som sjekkar og dokumenterer at alt er gjort etter føresegnene. For kjøp av el-sykkel må ein leggja fram kvittering, og når det gjeld byte frå piggdekk til piggfritt er det verkstaden som må attestera at bileigaren har levert inn dei gamle piggdekkka og skifta til eit piggfritt alternativ.


Ynskjer innspel

Energi- og klimaplanen frå 2009 skal rullerast, og Bergo har tru på at arbeidet skal vera fullført i løpet av året. Voss var ein av dei fyrste kommunane i landet som fekk ein slik plan, i 2004, men den har ikkje vore rullert sidan 2009. Nye nasjonale mål og fylket sin energi- og klimaplan gjer det naudsynt med ein revisjon no.

- Me har sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Utval for miljø- og kultur, Voss Energi, Indre Hordaland Miljøverk, naturvernlaga i kommunen og ein fellesrepresentant frå bondelaget og bonde- og småbrukarlaget. Det er sett av midlar til å knyta til seg ein konsulent i arbeidet med rullleringa. No ynskjer me innspel frå alle som har tankar om tiltak som bør inn i den nye planen. Slike innspel må me ha i hende innan slutten av april. Den endelege fristen for innspel vil me annonsera i Hordaland, seier Bergo.