annonse

Henta med luftambulanse etter nesten-drukning

FUNNEN I SJØEN
FUNNEN I SJØEN: Ein nær tre år gamal gut vart torsdag føremiddag funnen i sjøen ved Røvaneset i Ulvik, heilt til høgre i biletet. ARKIV (Foto: KARL YSTANES)
RØVANESET
RØVANESET: I Ulvik. SKJERMDUMP

Ein gut vart frakta til Haukeland sjukehus etter ei nesten-drukningsulukke på Røvaneset i Ulvik torsdag føremiddag. Etter undersøkingar på sjukehuset er det klart at guten ikkje har skadar.

Terje Hjartnes

Ein nær tre år gamal gut heimehøyrande i Ulvik vart kl 11.30 i føremiddag frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse.

- Eg kan stadfesta at det har vore ei nesten-drukningsulukke, og at ein gut er frakta frå Ulvik til Haukeland sjukehus der han er under behandling, oppplyste Helse- og sosialsjef i Ulvik herad Harald Johnsen.

Guten vart funnen i sjøen ved Røvaneset i Ulvik, og vart frakta til det lokale legekontoret.

- Der vart det straks starta behandling, og det vart rekvirert luftambulanse, seier Johnsen, som også opplyser at kommunen har sett opp sitt psykososiale kriseteam for å bistå pårørande.

Ifylgje Magne Øydvin, som henta guten opp av sjøen, var han medviten, men slapp då han vart redda.

Kommunikasjonsavdelinga ved Haukeland sjukehus opplyste i 17-tida at guten ikkje har noko skadar etter opphaldet i vatnet.

Lensmann i Voss politidistrikt Ivar Hellene hadde ikkje høyrd om hendinga då Hordaland fyrst kontakta han for opplysningar. Sidan har han vore i kontakt med Ulvik herad og fått informasjon om ulukka.

- Det vert sagt om tilstanden at den er alvorleg men ikkje kritisk, sa Hellene tidlegare på ettermiddagen.

Lensmannen er kritisk til at politiet ikkje vart aktivt informert i saka.

- Eg tykkjer det er rart at politiet ikkje vart varsla i denne saka. Når det skjer ulukker er det politiet si oppgåve å undersøkja om det har skjedd noko straffbart. Den vurderinga skal politiet og ikkje helsevesenet ta, seier Ivar Hellene.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.