annonse

Med Hauge-dikt heilt til topps

Din veg
Din veg: «Ingen har varda den vegen­/du skal gå,/ut i det ukjende,/ ut i det blå ...» ARKIV (Foto: Anne rivenes)
VED SPONHEIM
VED SPONHEIM: Asbjørn Børsheim og Terje Hjartnes viser eit døme på korleis dikttavlene vil ta seg ut langs ruta til Kvasshovden.

Deltakarane i Kvasshovden opp kan heretter henta styrke og inspirasjon på vegen frå Olav H. Hauge-dikt.

Sigrid Seim

Også for vandrarar som kjem seinare vil dikta verta ståande.

Laurdag 19. juli går startskotet for motbakkeløpet Kvasshovden opp, i Ulvik. Det sjuande løpet har ei overrasking å by på, for dei som har tid til å pusta på under vegs. Ti utvalde dikt av Olav H. Hauge er plasserte ut langs løypa, i eit samarbeid mellom idrettslaget og Haugesenteret.

Rett etter starten kan du lesa diktet Din veg: «Ingen har varda den vegen/ du skal gå,/ ut i det ukjende,/ ut i det blå...» Når du kryssar elva ved Åbar, møter du diktet Eit ord, ein stein - og kan seia deg samd i at «eg lyt ha fleire steinar, skal eg koma yver». Er det tungt og slitsamt ved Gunnarseter kan du ta til deg orda frå diktet Skeiserenn: «.. du fell inn i dei eigi takt/ og kappestrid med deg sjølv./ Meir kan ingen gjera.» Lurar du på kva dikt som er valt til toppen på Kvasshovden, møter du der Til eit fjell. «Det er som eg ikkje har set deg fyrr, endå eg har hatt/ di viljeklo for augo all min dag», heiter det her.

For travelt?

- Deltakarane i konkurranse-klassen les dei kanskje ikkje på veg opp, men på turen ned att, håpar Asbjørn Børsheim i Ulvik idrettslag. Men for alle mosjonistane håpar dei at dikta kan gjera turen opp til ei endå større oppleving, og syta for inspirasjon i alle motbakkane undervegs.

Terje Hjartnes ved Hauge­senteret forklarar at utplasseringa av dikta er resultatet av ei litt spontan idéutveksling mellom Haugesenteret og leiaren i idrettslaget, Johan Børsheim.

- Me håpar dette kan verka som krydder langs vegen. Det er nytt og unikt, me kjenner ikkje andre motbakkeløp som har noko slikt å by på, seier Asbjørn Børsheim og Terje Hjartnes.

Dikt til landskapet

Det har vore Haugesenteret si oppgåve å finna dikt som passar til dei ulike stadene i løypa. I frukthagen kjem diktet om Grøne eple, og på det mest myrlendte partiet er diktet ikkje uventa Yver hengjemyri. Enkja etter Olav H. Hauge, Bodil Cappelen, har gjeve si godkjenning til at dikta vert brukte slik.

- Me ynskjer å få dikta ut der folk er. Dei skal ikkje berre finnast i ei bok, i Haugesenteret. Dette vert ein meir umiddelbar formidlingsmåte, meiner Terje Hjartnes.

- Og Olav H. Hauge levde veldig tydeleg i landskapet, supplerer Asbjørn Børsheim.

Partane i dette samarbeidet er glade for å kunna by turfolket på ei ekstra oppleving i form av desse dikta.

- Det er eit tiltak som byggjer både den åndelege og kropps­lege folkehelsa, oppsummerer dei.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.