annonse

Thorbjørnsen sikra fire år til

TEK FIRE NYE ÅR
TEK FIRE NYE ÅR: Hans Petter Thorbjørnsen, for Ap i Ulvik.

Alt tysdag var avtalen på plass, som sikrar Hans Petter Thorbjørnsen (Ap) i Ulvik fire nye år som ordførar.

Sigrid Seim

Med eit sterkt valresultat og to nye mandat i ryggen låg det naturleg til rette for å sikra seg ordførarposten for Ap, som no har den største gruppa i heradsstyret i Ulvik. Som i åra som ligg bak held dei fram eit samarbeid med Senterpartiet og Høgre. Men denne gongen er det Sp som får varaordføraren, opplyser Hans Petter Thorbjørnsen.

- Me har hatt eit godt samarbeid til no, og synest det var naturleg å sikra breiast mogeleg samarbeid framover og. Ein avtale er signert, der Sp får varaordføraren. Eg går ut frå at det er partiet sin ordførarkandidat som får vervet, Jens Olav Holven. Ved valet fekk Eva Kristin Dahl eit par fleire personstemmer enn Holven, og kom inn rangert som 1. kandidat.

Solid fleirtal

Dei tre partia som samarbeider står no for 11 av dei 17 mandata.

- Me har avtalt fleire møte, og tok berre dei store linjene føre oss no. Me trur på fire nye, produktive år, seier Thorbjørnsen, som rapporterer om veldig god stemning mellom partane. Dei to andre partia, Venstre og SV vart informert om avtalen straks etter den var klar.

Sjølv har han knapt «landa» etter valet.

- Det kjennest framleis som om eg er litt utanfor meg sjølv. Det er knytt så mykje spenning til eit val, og så får me ei slik kjempe-tilbakemelding frå veljarane, på det me har gjort! Det er kjekt å få halda fram, for sakene står i kø. Aller fyrst står kampen for å sikra vidare drift ved Hjeltnes vidaregåande skule, meiner han.

Framleis ulike syn

I diskusjonane som dei tre samarbeidande partia skal ha, vil dei gå nærare inn på detaljar for kor sterkt dei skal binda seg til kvarandre.

- Me vil nok framleis ha ulike meiningar i ulike saker. Og i dei store sakene er det viktig å skapa forståing i heile heradsstyret for vedtaka, meiner ordføraren.

Det nye heradsstyret i Ulvik konstituerer seg 14. oktober.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.