annonse

Venstre vil redda Hjeltnes

InvESTERER
InvESTERER: Hordaland fylkesting har løyvd 20 mill kroner til å byta ut gartneria til Hjeltnes gartnarskule. No håpar Hordaland Venstre at dette blir fylgd opp med utvida aktivitet på skulen. ARKIV (Foto: TERJE HJARTNES)

Hordaland Venstre vil styrka aktiviteten på Hjeltnes VGS. Ulvik-ordførar Hans-Petter Thorbjørnsen er glad for alle krefter som vil bevara skulen.

Terje Hjartnes

Til sommaren skal fylkestinget i Hordaland avgjera framtida til Hjeltnes vidaregåande skule. Med helga fekk venstregruppa frå Ulvik sitt eige parti til å koma med fråsegn om å oppretthalda skulen.

Siste to åra har det pågått ei moglegheitsstudie for skulen der ein har sett på kva ein kan få til på Hjeltnes i framtida. Hordaland Venstre støttar i sitt fråsegn hovudkonklusjonane i studien som er:

Oppretthalda dagens tilbod ved skulen og utvida fagtilbodet med 2-årig fagskuletilbod i lokal gastronomi

Hjeltnes bør bli Hordaland sin andre produksjonsskule

Rapporten etter moglegheitsstudiene er no i sluttfasen, og vert offisielt lagt fram om nokre veker. Tre tilsette på skulen er aktive politikarar i Ulvik Venstre. Dette er studieinspektør Håkon Gjerde som også er Ulvik Venstre sin ordførarkandidat ved valet i haust, og lærarane Solveig Hellesnes Uppheim og Ingrid Sponheim.

1 av 4 fråsegn

Når Venstre er såpass tidleg ute med fråsegn på fylkesnivå i denne saka, må ein rekna med at dei tilsette sin kjennskap til innhaldet i moglegheitsstudien spelar inn.

Fråsegnet om Hjeltnes VGS var eitt av totalt fire fråsegn etter Hordaland Venstre sitt årsmøte. Dette er altså ikkje noko eit politisk årsmøte sender ut i hytt og vær.

- Me fekk meir enn 50 prosent oppslutnad, så fråsegnet gjekk direkte inn ved røystinga, seier Gjerde.

Får Venstre det som dei vil, vert altså Hjeltnes den andre produksjonsskulen i Hordaland, etter Hyssingen produksjonsskole i Bergen.

- Dette er ei skuleform for dei som ikkje heilt får til vidaregåande, eller for elevar som ikkje veit heilt kva dei vil. Dette er eit tiltak for å bøta på fråfallet i vidaregåande der ein ser at 850 elevar dett av kvart år i Hordaland. Produksjonsskule kan vera løysinga for nokre av desse, meiner Gjerde, som ser for seg om lag 40 slike skuleplassar på Hjeltnes.

Ulvik Venstre vil også utvida med fagskuletilbod i lokal gastronomi. Dette faget vert organisert under Bergen tekniske fagskule, men undervisningsstad vil bli Ulvik. Før faget vert aktuelt skal det godkjennast av NOKUT som sikrar kvalitet i norsk høgare utdanning.

Besøk frå Ap

I søknaden som snart vert send står det at «Lokal gastronomi skal gje studentane opplæring i lokal matproduksjon og matkultur, med utgangspunkt i det som finst i Hardanger og på Vestlandet. Kunnskapen dei får kan dei overføra til andre stader dei skal arbeide, både i Noreg, Norden og eventuelt i andre land.»

- Undersøkingar syner stor interesse frå næringslivet for dette faget, seier Gjerde.

Studieinspektør og ordførarkandidat Gjerde seier ein tidlegast vil vera i gang med det 2-årige studiet hausten 2016. At Hjeltnes alt underviser på fagskulenivå i arboristutdanninga vil vera positivt med tanke på å bli godkjend av NOKUT.

Men skal alt dette bli ein realitet må fleirtalet i fylkestinget gå inn for at Hjeltnes får halda fram som VGS. Ifylgje ordførar i Ulvik Hans Petter Thorbjørnsen (Ap) er dette sak nummer ein på hans ordførar-agenda denne våren.

Thorbjørnsen sit i komiteen for moglegheitsstudiet, og er overraska over at Venstre er såpass tidleg ute med saken på fylkesnivå i partiet.

- Det er positivt at dei er så positive så tidleg. Me treng alle gode krefter for å bevara skulen, seier Thorbjørnsen.

Han har sjølv starta ein prosess i eige parti for å få Ap til å støtta skulen.

Fylkestinget løyvde for nokre år sidan 20 mill kroner til opprusting av skulen sine gartneri, eit arbeid som er i gang.

- Det vil vera merkelege vurderingar å fyrst investera 20 mill kroner og så leggja skulen ned. Eg har ei kjensle av at fylkeskommunen ser verdien av skulen og vil oppretthalda han, seier Hans Petter Thorbjørnsen.

Ap likar produksjonsskule-plan

Nyleg var fylkestingsrepresentantane Sveinung Valle og Rasmus Laupsa Rasmussen på Hjeltnes for å høyra om drifta og framtidsplanane.

Valle er gruppeleiar på fylkestinget for Hordaland Arbeiderparti. Dei to fylkespolitikarane var inviterte av ord­førar Hans Petter Thorbjørnsen for omsyning på skulen. Ap er det nest største partiet på fylkestinget med 16 representantar av totalt 57.

- Eg ser på dette med positive auge, utan at eg med det forserer noko politisk vedtak, seier Valle til Hordaland måndag ettermiddag.

Saka om framtida til Hjeltnes VGS skal innom Opplærings- og helseutvalet før gangen går vidare til Fylkesutvalet og til slutt Fylkestinget.

- Ap vil diskutera saka i gruppemøte før kvart enkelt møte, seier Valle, og slengjer med litt distriktspolitikk.

- Kanskje har me vore for lite flinke til å delegera fylkestinget sine midlar til meir næringssvake område som Ulvik.

Hyssingen produksjonsskole i Bergen starta hausten 2014, og er eit tilbod til elevar som har slutta eller aldri byrja i vidaregåande opplæring. Målet er å gjera denne ungdommen klar for utdanning eller arbeidsliv.

- Det hadde vore veldig greitt å ha eit slikt tilbod i distriktet òg, seier Sveinung Valle.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.