...
Berit Einemo Frøysland, Bjarne Bjørnevik og Maria Folkedal skreiv dei beste nynorske hovudstilane i fjor. Foto: Ingrid M.B Halvorsen og privat

Granvinsjente skreiv ein av Noregs beste stilar

Det går an å få betre enn 6 i karakter på eksamen. Berit Einemo Frøysland, Bjarne Bjørnevik og Maria Folkedal, sistnemnde frå Granvin, har klart det.

Publisert 24.05.2012 kl 20:41 Oppdatert 24.05.2012 kl 20:51

Tips ein venn på e-post:

Klikk her for å gå til framtida.no

Fridtjov Oos’ legat 2012 er tildelt Maria Folkedal, Berit Einemo Frøysland og Bjarne Bjørnevik. Dei tre er valt ut mellom 25 nominerte som alle fekk karakteren seks på nynorsk hovudmålseksamen.

Eksklusiv gruppe

I tillegg til 5000 kroner får dei bli med i ei eksklusiv gruppe av tidlegare vinnarar av legatet, som inkluderer mellom anna Einar Førde, Ottar Grepstad og fleire forfattarar og politikarar.

– Når det gjeld skriftstykke av den typen vi her har å gjera med, der oppgåva i utgangspunktet bind skribenten, har dei som skil seg ut først og fremst ei særskild evne til å forma ein tekst, med analytisk driv og språkleg musikalitet og presisjon. Og gjerne vågemot til å heva seg over utgangspunktet, til å svara også på det oppgåva ikkje eksplisitt spør om, sa Svenn Fosseng frå juryen då han delte ut prisen nyleg.

Han sa også at vinnarane har ein lovande mangel på autoritetsskrekk.

Brenn for nynorsken

– Det var veldig oppmuntrande og inspirerande for meg å vinna prisen, sjølv om det er rart å tenkja på at eg er mellom dei tre beste i nynorsk i mitt eige kull – har på ein måte ikkje heilt skjønt det! Det er jo så mange flinke der ute! skriv Maria Folkedal frå Granvin til Framtida.no.

– Eg synest det er ekstra gjævt at det var snakk om akkurat nynorskeksamenen, for eg brenn veldig for å ta vare på nynorsk. Det er eit veldig fint og varmt skriftspråk som blir undervurdert av altfor mange! Skrivegleda er òg på topp!

Voss Gymnas på topp

Maria Folkedal var avgangselev på Voss Gymnas i fjor. Ingen andre skulestader i Noreg har uteksaminert så mange vinnarar av Fridtjov Oos’ legat.

I år har ho tatt seg eit år på vokallinja ved Follo Folkehøgskule. Og til hausten har ho søkt seg inn på journalistikk ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

– Dersom det ikkje blir aktuelt endar eg opp på lektorutdanning med integrert master i nordisk, med sidefag i historie. Eg håpar på å kunna halda fram å skriva, enten det vert som journalist eller på andre måtar. Kanskje endar eg opp som norsk- og historielærar i staden. Det vil framtida visa.

Klikk her for å gå til framtida.no



På forsiden nå


...

Ny smell for herrelaget

Fotball Radøy/Manger – Voss 2-0. Dette var kampen der den leie trenden skulle snuast. I staden gjekk Fbk Voss på nok eit tap. Les meir

Ras seinkar togtrafikken

Lokalnytt Passasjerar på Bergensbanen må rekna med forseinkingar og innstillingar etter at eit ras stoggar togtrafikken mellom Finse og Haugastøl. Les meir

Jordras i Vikafjellsvegen

Lokalnytt Ein jordvoll har velta ut i vegen ved Holo, men trafikken kan passera. Les meir

...

Nær 190 sykla 6-vatnrunden

Sport Perfekte tilhøve for turrittet, men ei påkøyrsel la dempar på stemninga. Les meir

Til Grasrotandelen

Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Ingrid Kløve-Graue
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Avis-/nett redaksjon:

Redaktør Frode Myhra Gjerald
Epost til Gjerald: fg@avisa-hordaland.no
Prosjekleiar digitale media: Jan-Egil Dyvik
Epost til Dyvik:jed@avisa-hordaland.no
Digital nyhendeansvarleg: Frode Rene
Epost til Rene:fr@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.